Til sjukehus etter politijakt – mann sklei av vegen på stolen motorsykkel

Spesialeiniga for politisaker er kopla inn etter at ein mann blei skadd etter politijakt.

Politjakt etter motorsyklist

POLITJAKT: Etter ei kilometerlang politijakt sklei mannen av vegen. Han blei sendt til sjukehus med ambulanse.

Foto: NRK, MapBox, OpenStreetMap contributors

Klokka 02.20 natt til tysdag forsøkte ein politipatrulje å stansa ein motorsykkel i høg fart på Fritz C. Riebers veg i Bergen. Føraren, ein mann i midten av 30-åra, var på veg sørover, men gjorde ingen teikn til å stansa då han blei vinka inn av politiet.

– I staden for å stansa, sette han opp farten. Eg har ikkje nøyaktig hastigheit, men det var snakk om vesentleg fart, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Det var mistanke om ruskøyring og tjuveri av motorsykkelen som gjorde at politiet forsøkte å stansa mannen.

Laster Twitter-innhold

Spesialeininga kopla inn

35-åringen ga gass og køyrde sørover mot Fana og tok av på Steinsvikvegen. Etter å ha blitt forfølgd av politiet i fleire kilometer, sklei motorsyklisten i ein sving og køyretøyet enda utfor vegen. Mann pådrog seg lettare skader.

– Han var vaken og klar då politiet kom fram, men sa han hadde smerter i hofta. Mannen blei sendt til sjukehus med ambulanse kort tid etterpå, fortel operasjonsleiaren.

I og med at personen blei skadd som følgjer av ei politiforfølging, er spesialeininga for politisaker rutinemessig varsla etter uhellet.

Mistenkjer ruskøyring på stolen motorsykkel

Mannen blir truleg sikta for fleire brot på vegtrafikklova og for tjuveri av motorsykkelen. Det står att å sjå om mannen også skal siktast for ruskøyring.

– Politiet har teke blodprøve for å avklara om mannen er rusa. I tillegg blir han sikta for å ha unndrage seg kontroll og for å ha køyrt utan førarkort. Mannen har mange forhold å svara for, konstaterer Dahl-Michelsen.

Fritz Riebers vei

80-SONE: Mannen i 30-åra blei forsøkt stansa i Fritz Ribers veg i Bergen.

Foto: Google Maps

Politiet ser alvorleg på trafikantar som ikkje følgjer instruksane til lovas lange arm.

– Ein kvar pliktar å stansa på signal frå politiet, så ein tek ein risiko både på vegner av seg sjølv og andre trafikantar når ein vel å reagera som dette. Patruljen konkluderte i dette tilfelle med at det natt til tysdag var lite annan trafikk og at forfølginga ikkje utgjorde ein fare for andre.

Klokka 11.45 ventar politiet framleis på svar frå blodprøvane.