Til sjukehus etter arbeidsuhell
Ein mann er lagt inn på Sentralsjukehuset i Førde etter eit arbeidsuhell. I samband med reising av eitt nybygg i Fjaler har mannen falle ned to meter frå eit stillas. Hendinga skjedde ved 13-tida. Mannen har fått skadar i beina, ut over det kan eg ikkje seie noko om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Vest Politidistrikt i Florø.