Hopp til innhold

Til saman stiller dei til val på 23 lister

Victoria Sveinsson og Per Sandberg er ivrigare enn dei fleste etter å kome på Stortinget. Du finn dei på vallister over heile landet.

Victoria Sveinsson og Per Sandberg i Liberalistene.

VIL PÅ TINGET: Victoria Sveinsson og Per Sandberg på stand for Liberalistene på Karl Johan. Sandberg melde overgang til partiet i fjor, og toppar lista i Oslo, der Sveinsson er 5. kandidat.

Foto: Privat

Men dei to er ikkje åleine om å stille til val på lister med adresse langt unna deira eiga heimeadresse. I alt er det ved årets stortingsval 475 personar som står på meir enn éi liste, og vi finn dei helst i dei minste partia.

– Eg stiller på ni vallister for Liberalistene fordi eg er engasjert, har ein synleg profil for veljarane og generelt gjer mykje partiarbeid. Eg har sterke meiningar, er ambisiøs og ønskjer å vere med å påverke, seier Victoria Sveinsson (22) frå Oslo.

– Manglar ikkje kandidatar

At Liberalistane har kandidatar, deriblant frontfigur Per Sandberg, som stiller på mange lister seier Sveinsson ikkje skuldast mangel på kandidtar, sjølv om dei er eit lite parti.

– Det som er så flott med politikken er at den er lik for heile landet fordi den følgjer prinsippa våre. Kvar eg kjem frå og bakgrunnen min har ingenting å seie for kva som er rett og gale.

Står på 19 vallister

Sjølv om Porsgrunn-kvinna stiller på 9 av i alt 19 lister ved årets stortingsval, må ho sjå seg slått av partifell Per Sandberg som stiller på 14 lister. Men den definitive førsteplassen har to karar frå Industri- og næringspartiet. Per Ingemann Walthersøe og Bjarte Helland står nemleg på høvesvis første- og andreplass i alle 19 valdistrikta.

Helsepartiet har 2 personar og Alliansen – Alternativ for Norge har 1 person som står på 18 av 19 lister.

Vidar Kleppe

ENGASJERT: Vidar Kleppe står på 13 lister for Demokratene.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Abid Raja på tre lister

Blant dagens stortingsparti er det Venstre som har flest såkalla Tordenskiolds soldatar. I alt 14 venstrefolk med kulturminister Abid Raja i spissen stiller på tre lister i ulike deler av landet. 44 frå KrF, 24 frå Venstre, 14 frå MDG og 10 frå Senterpartiet står på to lister.

I alt står 31 personar på minst 10 lister:

  • 10 frå Alliansen – Alternativ for Norge
  • 8 frå Piratpartiet
  • 4 frå Demokratene
  • 4 frå Folkeaksjonen nei til mer bompenger
  • 2 frå Industri- og Næringspartiet
  • 2 frå Helsepartiet
  • 1 frå Liberalistene
Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

IKKJE OVERRASKA: Valforskar Yngve Flo seier at småpartia ofte manglar nok kandidatar, og at mange difor går igjen på fleire lister.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Har ikkje nok kandidatar

Det kan kanskje verke litt rart, men ifølgje valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen, er denne praksisen heilt vanleg. Lova krev ikkje at du må ha bustadadresse i det området du stiller til val for.

– Dette er mest vanleg i dei små partia. Dei har kanskje ikkje så mange profilerte politikarar eller nok kandidatar alle stader. Difor er dette ein måte å kjøpe fleire lodd i same lotteri, for å bruke ein metafor.

Flo utelukkar ikkje at praksisen kan føre til at lokalde kandidatar kan verte skyvde ut eller nedover på listene.

– Men til dømes kjende namn som Per Sandberg kan jo og ha ein veljarappell.

– Utfordrar logikken

Flo meiner at praksisen ikkje er eit demokratisk problem, men han ser at den utfordrar logikken i valsystemet og folk sine forventningar om at kandidatane er heimehøyrande i det området dei stiller til val for.

– Viss dei ikkje har appell fordi dei kjem utanfrå, så er det eit problem for det partiet og kandidaten sjølv. Viss veljarane vil ha nokon som kjem utanfrå, så er det også veljarane sitt privilegium.

– Men kva skjer om same kandidaten vert vald inn på Stortinget frå fleire valkrinsar?

– Då er det kandidaten sjølv som bestemmer kva for distrikt vedkomande vil representere, svarar valforskaren.