Frå Hornindal til Planica med hyllingssong til Fannemel

Far og son Kobberstad frå Hornindal nøyer seg ikkje med plakatar og heiarop. Dei har reist til Planica med ein hyllingssong til Anders Fannemel.

Per Elling og Rolf Arne Kobberstad

HYLLEST TIL FANNEMEL: Per Elling og Rolf Arne Kobberstad på plass i Planica.

Foto: privat foto

– Vi fekk songen ferdig rett før vi skulle reise nedover, seier far Rolf Arne Kobberstad, som har skrive tekst og melodi. Sonen Per Elling har miksa og arrangert.

Torsdag kveld fekk Anders Fannemel sjølv høyre hyllesten.

– Han var veldig godt nøgd med songen, seier Rolf Arne.

  • Her kan du høyre songen:

Fannemel-song over anlegget?

No gjekk det ikkje så bra med verdsrekordhaldaren frå Hornindal i det første rennet i Planica. Med hopp på 207,5 og 206,5 meter var han langt frå det nivået vi er vande med å sjå han på i skiflygingsbakkane. Det vart ein 18. plass til slutt.

– Han gjorde jobben, Anders, men han var uheldig med tilhøva. Vi har god tru på at han kjem sterkare igjen laurdag og søndag. Vi har snakka med han, og han er optimist, trass i kneskaden han slit med.

Og kanskje kan hyllingssongen gje Fannemel ein ekstra kveik. For far og son Kobberstad har levert ei mp3-fil med Fannemel-songen til speakerbua. Håpet er å få høyre den musikalske hyllesten til verdsrekordhaldaren runge ut over høgtalaranlegget i bakken.

anders

SETTE PRIS PÅ SONGEN: Anders Fannemel likte songen sambygdingane hadde snikra saman.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Stor stemning

I alt er det 10-15 honndøler på plass i den store skiflygingsbakken i Planica i Slovenia, der heimehelten Peter Prevc hoppa 248,5 meter fredag - berre tre meter bak verdsrekorden til Fannemel.

Rolf Arne Kobberstad forsikrar at det ikkje er noko i vegen med stemninga i honndalsleiren sjølv om Anders Fannemel ikkje hoppa opp mot sitt beste.

– Vi viser godt att i terrenget med stort banner og det heile.