Hopp til innhold

Til legesjekk etter trafikkuhell

Ein bilførar i slutten av tenåra vart teken med til legekontroll etter eit trafikkuhell litt før klokka to i natt.

Trafikkuhell i Grytadalen

HAMNA I ELVA: Bil med ein person køyrde i natt av vegen i Grytadalen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ulukka skjedde på fylkesveg 614 i Grytadalen mellom Norddalsfjorden og Magnhildskaret i Flora.

– Mannen har følgt med bilen ned ein bratt skråning og ut i ei elv. Mannen som var åleine i bilen tok seg sjølv ut av bilen og opp til vegen der han fekk varsla om uhellet, seier Inge Værøy ved operasjonssentralen til Vest Politidistrikt i Florø.

Laster Twitter-innhold

Politiet opplyser at det var slaps og snøføre på staden, og at det kan ha vore medverkande til uhellet.

– Mannen vart teken med til legesjekk i Florø, før han vart dimittert, seier Verøy.

Om lag samstundes med ulukka i Grytaldalen, køyrde ein bil av vegen ved Movika i Førde.

– Det var rykt ut med politi og helse. På staden fekk politiet mistanke om promille, og har tatt blodprøve av sjåføren, seier Verøy.

Mannen som er i 20-åra vart også send til legesjekk, og politiet har kverrsett førarkortet.