Tek i bruk Facebook i kampen mot nettsvindel med kjæledyr

Veterinær Mirjam Hauke Tønnesen i Florø har teke i bruk Facebook i kampen mot nettsvindel med kjæledyr.

Åtvarar mot nettsvindel med kjæledyr på Facebook

ÅTVARAR: Veterinær Mirjam Hauke Tønnesen tek i bruk Facebook for å åtvare folk mot å la seg lure til å kjøpe dyr over nettet. Mange vert svindla.

Lenge har ho engasjert i kampen mot utanlandske svindlarar, som legg ut mange annonser for sal av dyr på nettet.

Gjennom Facebook håpar veterinæren å nå ut til folk med informasjon.

Mange blir lurte

Mattilsynet har tidlegare gått ut med ei åtvaring om å kjøpe dyr på internett. Mange som prøver seg på dette vert offer for storstilt internasjonal svindel.

- Dette er noko vi må gjere folk merksame på, sa Hauke Tønnesen til NRK tidlegare i vinter.

Ho fortalde då om korleis folk vert lurte til å betale fleire tusen for ein hund dei aldri ser noko til. Nokre opplever at namnet deira vert misbrukt for å svindle andre.

  • LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Viser fram svindelannonser

MANGE: Mirjam Hauke Tønnesen viser fram svindelannonser på nettet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Vi vil fortelje folk korleis dette fungerer

Veterinæren har saman med høgskulelektor Lisbeth Borge de Waard, oppretta ei eiga side på Facebook - Nettsvindel med kjæledyr.

Der ønskjer dei å spreie bodskapen og åtvare potensielle kjøparar.

- Vi ønskjer å gje folk informasjon om korleis denne svindelen føregår. Kva teikn folk skal sjå etter i annonsane, og ikkje minst i kommunikasjonen med dei som hevdar dei har eit dyr å selje, seier Hauke Tønnesen.

- Meld i frå om kva som har skjedd

Mirjam Hauke Tønnesen

ÅTVARAR: Veterinær Mirjam Hauke Tønnesen ønskjer å informere folk, slik at dei ikkje vert lurte til å kjøpe dyr over nettet som ikkje eksisterer.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For innimellom dei seriøse annonsane på nettet florerer det med svindelannonser.

Mattilsynet fryktar at fleire tusen kan ha blitt lurte over heile landet, og at mange har betalt pengar for dyr som ikkje eksisterer.

Ofte er det unge jenter som let seg lokke av bileta av søte kvalpar, og det er sjeldan at folk melder frå.

Difor har til dømes Forbrukarombodet få slike saker på sitt bord, meiner Tønnesen.

- Ofte tenkjer nok ikkje dei som vert svindla over at dei kan kontakte nokon, og det ønskjer vi å fortelje dei at dei kan.