Han skal vere med på å bygge opp eit feltsjukehus for Røde Kors på øya Sumatra, på vestsida av Indonesia.
- Det er mange personar og familiar som opplever kriser, men hjelpeapparatet rundt i dei ulike landa fangar opp desse tilfella. Då er det merkbart verre for dei som sit att åleine, utan familie, hus, mat og vatn, meiner Løfsnes.
- Diaréepidemiar, infeksjonar og mangel på vatn og infrastruktur blir den store utfordringa vår.
Uvanlege arbeidsforhold
Måndag kveld reiser han til Sumatra, i lag med 28 andre hjelpearbeidarar frå Noreg, Danmark og Sveits. Valet var enkelt for den psykiatriske sjukepleiaren då Røde Kors bad han om å reise ned. Og bilda som har rulla over fjernsynsskjermane dei siste dagane, har gjeve Løfsnes eit visst inntrykk av kva som ventar. Men han er klar over at det blir noko heilt anna å vere på staden.
- På fjernsynet kan vi sjå korleis det ser ut. Det blir noko anna å komme ned og skulle jobbe under den evigvarande lukta og stanken som ligg over området, seier Knut Løfsnes.
Flombølgja har skapt kaotiske tilstandar på Sumatra. (Foto: NRK)
Totalt kaos
Han har tidlegare tatt del i internasjonalt hjelpearbeid, men aldri opplevd å jobbe i område som det som no ventar han.
- Dette er også eit krigs-område, og folk som bur i byane rømmer ut til bygdene, medan bygdefolket flyktar andre vegen. Så det er nok eit totalt kaos, trur Knut Løfsnes.
Budd på hardt arbeid
Det er mange førebuingar som må til før Askvoll-mannen set seg på flyet.
- Det går vel mest på det mentale; å prøve å bu seg på det som ventar. Og så er det viktig å vere utkvild, slik at eg kan stå på dag og natt medan eg er i området, seier Knut Løfnes.
I fyrste omgang skal han vere på Sumatra i seks veker, før ei ny gruppe blir send ned. Prosjektet er frå Røde Kors si side meint å vare i eitt år, før lokale styresmakter etter planen skal ta over.