Hopp til innhold

Til angrep på kritikarane: – Gir inspirasjon til dei som ikkje ønsker å etterleve restriksjonane

Medisinsk fagsjef går hardt ut mot kritikken av innføringa av fempersonsregelen i Bergen. Han samanliknar vedtaket med å ta imot ein akutt sjuk pasient. – Då set ein seg ikkje ned og skriv retningslinjer.

Trond Egil Hansen, medisinsk fagsjef i Bergen

SLÅR TILBAKE: Trond Egil Hansen er medisinsk fagsjef i Bergen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Dei som ønskjer å vere kritiske, bør også ta omsyn til at dei gir mykje inspirasjon til dei som ikkje ønskjer å etterleve restriksjonane som gjeld no, seier medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen i Bergen kommune.

På den direktesende pressekonferansen gjekk han til angrep på kritikken mot byrådet i kjølvatnet av at dei innførte fempersonsregelen. Det er eit forbod mot å samle fleire enn fem personar i private heimar.

Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen meiner regelen er innført ulovleg, og har bedt studentar nekte å betale bøter.

Opposisjonspartia i bystyret har også stilt seg kritiske og kravd å få utlevert dokumentasjon på vurderingane som blei gjort dagane då forbodet blei vurdert og vedteke.

Dei har i staden fått eit skriv datert tysdag, same dag som bystyret, som samanfattar vurderingar som er gjort.

Torsdag og fredag har Høgre og SV sendt purringar på e-post til byrådet for å få fortgang i oversendinga av dokumentasjonen.

– Som å ta imot ein akutt sjuk pasient

Fredag slår den medisinske fagsjefen tilbake.

– Eg har merka meg at kritikken mot gjeldande forskrift er at den blei vedteke for raskt og utan tilstrekkeleg føregåande dokumentasjonsarbeid. Det er ein kritikk som eg sterkt vil tilbakevise, seier Hansen.

Han samanliknar vedtaket av forbodet med å ta imot ein akutt sjuk pasient på akuttmottaket til sjukehuset, der ein veit at viss pasienten ikkje får behandling i tide, vil det gå riktig gale.

– Då set ein seg ikkje ned og skriv retningslinjer. Då blir pasienten behandla i tide, og så dokumenterer ein etterpå, seier fagsjefen.

Han seier forskrifta blei vedteken, gjort gjeldande i tide og så blei dokumentasjonen laga.

– Då synest eg vi skal stå ganske trygt i kritikken om at dokumentasjonen først kom i ettertid, seier Hansen.

– Inspirerer kritikarar

Han understrekar at smitterisikoen aukar for kvar ekstra person som får lov til å bli med på samlingar i heimane, og at talet fem derfor ikkje er tilfeldig.

No ønskjer fagsjefen seg full oppslutning om restriksjonane som gjeld.

– Der ser vi at etterlevinga er god og til dels veldig god hjå nesten alle. Men eg skulle så gjerne ønske at det var alle, seier han, og held fram:

– Det vi ser er at dei som ikkje vil belite seg, får veldig inspirasjon av kritikarane som har fått veldig mykje plass dei siste vekene.

Fagsjefen vedgår at dei som avgjerdstakarar skal tole kritisk blikk.

– Men då helst med kunnskap og innsikt, ikkje berre i juss, men også i smittevern.

Roger Valhammer

BYRÅDSLEIAR: Roger Valhammer (Ap) støttar kritikken til fagsjefen sin.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Kan ikkje utelukke at det skjer igjen

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) seier dei framover vil ha betre tid til å dokumentere endringar i koronareglane.

– Men eg kan ikkje utelukke at det kan komme ein bølge nummer tre og ein ny situasjon i framtida, der det å handle blir det viktigaste. Så må vi gjere alle vurderingane vi skal, men noko av dokumentasjonen må komme i ettertid, seier Valhammer til NRK etter pressekonferansen.

Høgre ventar framleis på svar

Gruppeleiar for Bergen Høgre, Harald Victor Hove, seier til NRK at kritikken er retta mot handteringa til byrådet, ikkje den smittefaglege vurderinga til fagsjefen.

– Det er likevel forståeleg at medisinsk fagsjef har behov for å forsvare sine medisinske anbefalingar til byrådet, men det eit fleirtal i bystyret har bedt om er kva juridiske vurderingar byrådet har gjort før dei vedtok forskrifta. Det har vi enno til gode å få oversendt, seier Hove.

Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen svarar slik:

– No står det att å sjå om det blir små justeringar, men det er vel som forventa. Alle skal vise handlekraft om dagen, seier han.