Hopp til innhold

Helene (19) var redd for å ta ferje: Blei kurert av TikTok

Sjukepleiarstudent Helene Skulerud (19) har alltid vore redd for å ta ferje. Løysinga på problemet fann ho på sosiale medium.

Bilete av ung kvinne som sit i styrmannssetet på brua på ei ferje. Bak henne står overstyrmannen og passer på.

FERJEFAKTA: Då Helene Skulerud fann TikTok-videoane til overstyrmann Reidar Fredrik Frydenlund, blei det enklare å ta ferja.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Det verste er uvissa, seier Helene Skulerud (19).

Sjukepleiarstudenten står ved sida av overstyrmann Reidar Fredrik Frydenlund om bord på ferja mellom Mannheller og Fodnes i Sogn.

19-åringen har alltid vore redd for å ta ferjer, utan heilt å vite kvifor.

Ho studerer i Førde i Sunnfjord, men tek turen ofte til heimkommunen i Sunnhordland. Det inneber fleire ferjeturar. Og fram til no ein god del stress og angst.

– Eg håpte berre at ferjeturen skulle gå veldig fort, seier ho.

Overstyrmann Reidar Fredrik Frydenlund ut legg filmar frå sambanda Manheller-Fodnes, Vangsnes-Hella-Dragsvik og Oslofjorden.
Filmane har eigne titlar, men ligg alle under hashtagen #fergefakta.

FEKK MØTE STYRMANNEN: Overstyrmann Reidar Fredrik Frydenlund invitere Helene Skulerud med om bord på ferja. Ho gav han heimestrikka vottar som takk for hjelpa.

Kan vere med å dempe skrekken

Løysinga på problemet fann ho på TikTok. Der legg overstyrmann Frydenlund i Norled ut filmar frå sambanda Mannheller-Fodnes, Vangsnes-Hella-Dragsvik og frå Oslofjorden.

Filmane ligg under hashtagen #fergefakta.

– At folk kan sjå kva vi driv med og at det kan vere med å dempe skrekken er veldig ok, seier Frydenlund.

Den tidlegare skodespelaren starta å lage videoar av «tull og tøys». Då han gjekk over til å legge ut videoar frå arbeidsplassen, var responsen veldig god.

For Helene Skulerud var det roande å få vite korleis ei ferje fungerer, om tryggleiksrutinar og korleis ruter blir planlagt.

– Det hjelper å ha kunnskap, å vite kva som skjer når og korleis dei gjer det.

– Han overtydde meg om at det er trygt, legg studenten til.

Helene Skulerud og overstyrmann Reidar Fredrik Frydenlund om bord på ferja som går mellom Mannheller og Fodnes.

– OVERTYDDE MEG: Helene Skulerud og overstyrmann Reidar Fredrik Frydenlund på ferja. – Han overtydde meg om at det er trygt, seier studenten Skulerud.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Tren på å tole det

– Det er ei interessant historie. Berre det at kunnskap i seg sjølv gjer at ein justerer ned faren, er veldig typisk, seier Trond Aarre.

Han er sjef ved Nordfjord psykiatrisenter og fagsjef for psykisk helsevern i Helse Førde.

Å ha overdrivne eller unaturlege angstreaksjonar er svært vanleg, seier han. Dei fleste vil også fungere fint i kvardagen. Men når reaksjonane blir så sterke at folk bruker mykje krefter på å unngå det dei er redde for, bikkar det over i ein fobi.

Aare seier fornuftig behandling gjerne er å få meir kunnskap om det ein fryktar og utsette seg for det systematisk og planmessig.

– Rett og slett trene på å tole det. Då vil dei fleste oppleve at angstreaksjonen blir mildare.

Ekspert: – Fobiar har hjelpt oss til å overleve

Edderkoppar, ormar, hundar, fuglar, høgder, samt innestengde rom slik som tunnelar, fly, båtar og t-baner, er dei vanlegaste fobiane.

– Ein fobi er ein overdriven frykt for ting eller situasjonar som ikkje er farlege, seier Asle Hoffart, seniorforskar ved Modum Bad, ein institusjon som gir behandling for psykiske lidingar.

Ein fobi kan bli utløyst av ei skremmande oppleving.

– Vi har også nedarva tendensar til å vere redde for bestemte ting, slik som edderkoppar, mørke og høgder. Det har hjelpt oss til å overleve, seier Hoffart.

Helene Skulerud

TRYGGARE PÅ FERJETUREN: Ferjeskrekken til Helene Skulerud er mykje mindre til stades no enn tidlegare.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Møt frykta i trygge omgjevnader

Helene Skulerud kontakta Frydenlund etter å ha fått hjelp av TikTok-videoane hans.

På brua viser han henne korleis ferja fungerer. Ho er takknemleg for at kunnskapen han spreier har hjelpt henne med å bli mindre redd for å ta ferjer.

– Det er alltid ein liten skepsis inne i meg, men det er mykje betre no enn det var, seier 19-åringen.

Og hennar tips til å overvinne frykta?

– Møt frykta di i trygge omgjevnader med ein person du har tillit til.