Hopp til innhold

Stakk mor si med kniv då væpna politi gjekk til aksjon

Sjølv med væpna politiet på staden, heldt den tidlegare valdsdømde mannen i 30-åra fram med å stikke mor si med kniv. Politiet skildrar pågripinga sist laurdag som dramatisk.

Politistasjonen i Sogndal

FENGSLA: Mannen stakk mor si med kniv, no er han sett i varetekt medan politiet etterforskar knivstikkinga.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det var dramatisk. Politiet måtte raskt inn og få kontroll på han, og det hasta også med å få han ut fordi han stod fram som truande mot fornærma, fortel regionlensmann Inger Lill Lanes i Sogn.

Høglydt krangel

Det var laurdag kveld at væpna politi rykte ut etter melding om høglydt krangel på ei adresse i Indre Sogn. I bustaden var mor og son. Politiet vil ikkje kommentere kva som utløyste krangelen før sonen tok til kniven.

At situasjonen var dramatisk er det liten tvil om. Ifølgje avgjerda om fengsling heldt mannen fram med å stikke mor si med kniv, sjølv om politiet var der. Han trua også med å drepe mor si.

– Det vart aldri løyst skot, men patruljane fekk kontroll på han ved å bruke peparspray. Dei som var der handterte situasjonen veldig greitt, seier Lanes.

Mannen har dei siste åra hatt tilhald både i Sogn og på Sørlandet.

Dømd for vald og truslar

NRK har grunn til å tru at politiet mistenkjer at mannen var rusa på medikament. Politiet har rutinemessig sikra seg blodprøve av mannen.

Ifølgje avgjerda om fengsling er mannen dømd fleire gonger tidlegare for vald og truslar mot familiemedlemer. Sett i lys av hendinga i helga, meiner tingretten difor at mannen er i stand til å utøve grov og alvorleg vald mot nærståande.

Retten deler politiet si frykt for at mannen kan gjere tilsvarande lovbrot igjen.

Nektar straffskuld

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med mannen sin forsvarar, Erik Slotterøy, i dag. Slotterøy skreiv i ein SMS til NRK i går at mannen erklærer seg ikkje skuldig etter siktinga. Likevel samtykka han til varetektsfengsling i fire veker.

Mannen har til no ikkje ville forklare seg ovanfor politiet.

– Men han gav retten ei kort forklaring under rettsmøtet. Mogeleg han følgjer opp med forklaring til politiet når tida er inne for det, skreiv Slotterøy til NRK i går.

Lanes seier at dei vil gjere nye forsøk på å avhøyre den sikta.

– Vi ynskjer å avhøyre han så raskt vi kan, men det er ikkje gjort noko ny avtale per i dag, seier ho.

Avhøyrer vitne

Grov kroppsskade har ei strafferamme på fengsel i inntil ti år. Når retten tek stilling til om nokon har gjort seg skuldig i grov kroppsskade, så er knivbruk og skadane på fornærma to av kriteria.

Lanes seier at politiet no er i ein innsamlingsfase i etterforskingsarbeidet. Dei vil mellom anna få oversikt over tidlegare forhold som mannen er dømd for.

– Vi har hatt to kriminalteknikarar frå Bergen og ein frå oss på åstaden. Vi sikrar oss også avhøyr av personar som måtte ha opplysningar og hendinga, seier Lanes.