Hopp til innhold

Tidlegare toppspelar: – Fotballen tek for mykje av tida til ungane

SANDANE (NRK): – Det er ikkje gale i seg sjølv at dei brukar mykje tid på fotball, men dei brukar veldig mykje tid på organisert fotball.

Torill Fjellestad

MYKJE PLASS: – Eg er oppteken av at ungane skal få vere allsidige så lenge som råd, men det er ein tendens at fotballen tek litt for mykje plass. Spesielt blant dei yngste, seier tidlegare toppspelar for Sandviken, Torill Fjellestad.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det seier Torill Fjellestad i lesarinnlegget ho hadde på trykk i lokalavisa Firda Tidend i førre veke.

Det hindrar dei i å vere med på andre fritidsaktivitetar og idrettar. Spesielt blant dei yngste, utdjupar 36-åringen ovanfor NRK.

Ti månader sesong

Fjellestad var ein markant midtstoppar og kaptein for Sandviken frå 2002 til ho la opp som toppspelar i 2010. I 2007 fekk ho sin einaste landskamp mot Japan.

No har Fjellestad ein åtteåring som har to fotballtreningar i veka, ti månader i året – og spelar kampar til seint på hausten.

Ho erfarer også at dei som trenar mest, får mest speletid.

– Det er litt trasig for ein som vil spele både handball og fotball. Eg tykkjer sesongen er for lang, seier Fjellestad.

– Ei utfordring

– Ein kan vere allsidig, og likevel bli veldig god i fotball, seier ho.

Sjur Gimmestad

ALLSIDIGHEIT: Styreleiar i STIL-fotball, Sjur Gimmestad, meiner det er positivt med allsidige born. – Og det er ungdomane i Gloppen til dei grader. Vi ser i alle aldersfastlagde grupper at dei driver med han

Foto: Harald Kolseth / NRK

Styreleiar i STIL-fotball, Sjur Gimmestad, er usamd i at fotballen krev for mykje tid.

– Tilbode er der, men ungane kan velje om dei vil nytte det eller ikkje. Ein niåring må ikkje stille på begge treningane i veka for å vere med, seier han.

Etter lesarinnlegget kalla han det sportslege utvalet inn til møte. Dei svara med eit lesarinnlegg i lokalavisa.

– Vi konkluderte med at det er ei utfordring for foreldre og ungdom i Gloppen å gjere ei prioritering når det er så mykje tilbod som i dag. Å ta vekk tilbod er ikkje rette måten å løyse det på, seier Gimmestad.

Allereie kort sesong

Lesarinnlegget var stila til den lokale klubben. Responsen tyder på at fotballforeldre utanfor Gloppen deler synet.

– Krinsen bør gjere noko med kampoppsettet. Sluttar fotballsesongen tidlegare kan ungane kanskje spele handball, seier ho.

Svein Olav Myklebust

IKKJE UKJENT: Svein Olav Myklebust i Sogn og Fjordane fotballkrets seier problemstillinga som Torill Fjellestad tek opp dukkar opp med jamne mellomrom. – Ein kan ikkje berre legge til rette for dei som driv mange idrettar, men også for dei som vil bli gode i fotball, seier han.

Foto: Arve Uglum / NRK

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets vil ikkje korte ned det som allereie er av dei kortaste konkurransesesongane i europeisk fotball.

– Fotballforbundet har som mål å utvide konkurransesesongen så ein nærmar seg andre europeiske land, seier han.

– Må prioritere

Myklebust meiner bilete er meir komplisert enn som så. Han peikar på at uorganisert aktivitet stuper og at skjermar stel stadig meir av fritida til ungane.

Med to månader sommarferie, så er ikkje ein konkurransesesong frå april til november lang samanlikna med andre idrettar.

– For mange er treningane den einaste sosiale treffplassen og einaste aktivitet. Born og foreldre må saman komme fram til kva aktivitet ein har tid til og ikkje. Og idrettane lokalt kan samkøyre seg. Då kan også helgar takast i bruk, seier han.