Gry Molvær
Gry Molvær var nynorskpraktikant i NRK Møre og Romsdal tidleg på 1990-talet, og på denne sida ser du kva dei fire siste nynorskpraktikantane i NRK Sogn og Fjordane tykkjer dei har fått utav ordninga. Det var desse to distriktskontora som hadde opplæring av nynorskpraktikantar siste tiåret. Totalt har 20 ungdomar fått opplæringa si gjennom denne ordninga frå 1993-2003.
Frå 1. september 2004 er det Nynorsk mediesenter i Førde som har ansvaret for opplæringa av nynorskpraktikantar. Dei har inga bindingstid til NRK etter at opplæringa er over, men heller ingen garantiar om arbeid.
Ingunn Solheim, Kanal24:
- Tida som nynorskpraktikant gav meg først og fremst sjølvtillit på at eg snakkar eit vakkert og klart språk. Nynorsk er truverdig, og eg trur folk høyrer på meg dersom eg klarer å utnytte den sterkaste sida til nynorsken; Enkelt og tydeleg!
Ingunn vart nynorskpraktikant 19 år gamal, etter vidaregåande skule med mediefag. Ho har teke meir utdanning etter praktikanttida. Ingunn jobba i Her og No og P3 i NRK før ho byrja i Kanal24.
Send e-post til Ingunn Solheim
Kjellrun Lavik, NRK Hordaland:
- Som nynorskpraktikant lærte eg korleis det daglege livet på ein mediearbeidsplass er: Å vere kreativ og finne saker, å jobbe under tidspress, finne fokus i sakene og kunne formidle dei på ein god måte.
Kjellrun hadde toårig medieutdanning frå Gimlekollen då ho byrja som nynorskpraktikant.
Send e-post til Kjellrun Lavik
Idun Husabø Anderssen, NRK Sogn og Fjordane:
- Som nynorskpraktikant har eg fått vekse inn i journalistrolla under rettleiing frå dyktige og kvalitetsmedvitne kollegaer. Det har gitt meg ein solid grunnmur, og eg har oppdaga kor mykje nynorsk betyr for meg, som person og som formidlar.
Idun hadde studert engelsk, historie og samanliknande politikk då ho vart nynorskpraktikant.
Send e-post til Idun Husabø Anderssen
Olaf Erlend Gundersen, nynorskpraktikant:
- Vert du nynorskpraktikant får du ein smakebit av kva det vil seie å jobbe med radio og TV. Til tider vert det eit slit på ein travel nyhendedesk, men eg trur ikkje eg tek meg vatn over hovudet om eg lovar ei spanande, nyttig og ikkje minst kjekk tid!
Olaf hadde hovudfag i historie då han byrja som nynorskpraktikant hausten 2003.
Send e-post til Olaf Erlend Gundersen
Den nye praktikantordninga
Frå 1. september er det Nynorsk mediesenter i Førde som har ansvaret for opplæringa av nynorskpraktikantane. Då byrjar dei fire fyrste i regi av dette senteret, men den praktiske opplæringa skal dei framleis få i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Der har dei lang røynsle med å ale opp gode nynorskbrukande journalistar.
Praktikanttida er no seks månader, med praksis i ein redaksjon i eller utanfor NRK mot slutten. Det er ikkje bindingstid til NRK etter at praktikanttida er over, heller ikkje garantiar om arbeid. Men er ein dyktig og satsar på journalistyrket, kan praktikantopplæringa vere fyrste foten innanfor, og både NRK og andre etermedier treng fleire gode nynorskbrukarar.