Hopp til innhold

Tidlegare krabbefabrikk-eigar vann forsikringskrangel

Tor Løkeland i Løkeland Eiendom AS har vunne fram i Borgarting lagmannsrett mot IF Skadeforsikring etter ein langvarig krangel. Krabbefabrikken til Løkeland brann ned på Atløy i Askvoll nyttårsaftan 2016. I etterkant hamna Løkeland i strid med forsikringsselskapet, som ikkje ville betale ut erstatningskravet. Årsaka var at dei meinte han hadde gitt ut feil opplysningar. Dei politimelde han også for forsikringsbedrageri, men saka blei lagt vekk. Løkeland gjekk hausten 2022 i sak mot If for å få ut pengane, men tapte. Det enda i staden for at han måtte betale If tilbake over 9,2 millionar. Men i Borgarting vann Løkeland altså fram. Retten var delt i sitt syn, men fleirtalet har kome fram til at If skal gjennomføre forsikringsoppgjeret som i si tid var avtalt. Løkeland Eiendom AS blir frikjent for krav om tilbakebetaling og erstatninga.

If må også betale sakskostnadane på 624.403 kroner til Løkeland, samt sakskostnadane til lagmannsretten på 652.514 kroner.

Eit fleirtal i retten skriv at det ikkje er haldepunkt for at fabrikkeigaren prøvde å lure til seg meir forsikringspengar enn han skulle ha, samstundes som at han «utvilsamt kan bebreidast» for situasjonen.

Løkeland krabbefabrikk
Foto: Thomas Brakstad / NRK