Hopp til innhold

Næringslivstoppar fekk lange fengselsstraffer for korrupsjon

Ein tidlegare leiar i fiskefôrgiganten Ewos er dømd til fengsel i fire år for grov korrupsjon. To andre menn fekk fengsel i høvesvis to år og tre år og seks månader.

Ewos

FISKEFÔR: Sør-Trøndelag tingrett har dømd ein tidlegare Ewos-leiar for grov korrupsjon.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den tidlegare Ewos-leiaren er i Sør-Trøndelag tingrett funnen skuldig i å ha motteke i overkant av 2,5 millionar kroner frå ulike leverandørar.

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik

NØGD: – Det er ein streng dom, og eg ser det ikkje som unaturleg at ein eller fleire av dei tiltalte ynskjer å prøve skuldspørsmålet på nytt, seier førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik.

Foto: EUP-BERLIN / GORM K. GAARE

Ein av leverandørane, ein mann i 50-åra frå Sunnfjord, vart funnen skuldig å ha gjeve den tidlegare leiaren tenester og pengar for nær 1,6 millionar kroner.

Det er dobbelt så mykje som den tredje tiltalte i saka, ein mann i 50-åra bergensområdet.

– Ut frå beløpa retten har funne å domfelle for, så er påtalemakta nøgde med straffenivået, seier førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik.

Utnytta stillinga

Mennene nekta straffskuld då den åtte veker lange saka starta i tingretten. Derimot slår den 144 sider lange domen fast at den tidlegare Ewos-leiaren i 60-åra frå Trøndelag utnytta si sentrale stilling for å få private fordelar frå fiskefôrgiganten sine leverandørar og kontraktspartar.

Frå 2003 til 2015 har mannen mellom anna motteke fordelar i form av kontantar, dekning av kostnader på fritidsbåtar og flybillettar.

Mannen vart også funnen skuldig i økonomisk utruskap på 1,5 millionar kroner. Retten landa på at mannen må betale tilbake 1,5 millionar kroner som dei meiner mannen har tent på dei straffbare forholda.

Står fast på full frifinning

Retten meiner også sunnfjordingen har spelt ei sentral rolle i korrupsjonshandlingane. I tillegg til grov korrupsjon, vart mannen dømd for grov kvitvasking, og grov økonomisk utruskap med 75.000 euro. Desse pengane blir kravd inndrege.

Retten meiner Ewos-leiaren var pågåande ovanfor dei to andre i saka, men at mennene i fellesskap planla, etablerte og gjennomførte ordningar som medførte ei jamleg overføring av private og upassande fordelar til den tidlegare Ewos-toppen.

Tilbake fekk leverandørane hjelp til å sikre lukrative kontraktar for sine selskap.

– Min klient vil anke dommen med krav om full frifinning, skriv Bjarte Grønlien, som forsvarar sunnfjordingen, i ein epost til NRK.

Reduserte beløp

Den tredje tiltalte vart ikkje dømd for utruskap, men for to tilfelle av grov korrupsjon.

Sør-Trøndelag tingrett har dømd mennene for noko lågare pengebeløp enn det Økokrim la til grunn i tiltalen. Det gir også utslag i lågare straff enn det påtalemakta kravde.

Med unntak av den tidlegare Ewos-leiaren, må mennene betale 50.000 kroner kvar i sakskostnader til det offentlege. Mennene er kjende med dommen og dei har to veker på å anke etter at den er formelt forkynt.

Det har så langt ikkje lukkast NRK å få kommentar frå alle forsvararane.

Uvanleg sak

Harbo-Lervik seier korrupsjon er samfunnsskadeleg og hindrar den reelle konkurransen mellom aktørar.

Samstundes er saka i Sør-Trøndelag tingrett uvanleg. Korrupsjonssaker omfattar oftast offentlege tenestemenn.

– Økokrim har hatt mange store korrupsjonssaker, men det er ikkje ofte vi har så høge beløp mellom private aktørar, seier Harbo-Lervik.

– Trur du siste ord er sakt i denne saka?

– Det er ein streng dom, og eg ser det ikkje som unaturleg at ein eller fleire av dei tiltalte ynskjer å prøve skuldspørsmålet på nytt.