Hopp til innhold

Barn heilt ned i åtteårsalderen slit med eteforstyrringar

Talet på born og unge som slit med eteforstyrringar har meir enn dobla seg dei to siste åra.

Anniken Gjørøy

UROA: Anniken Gjørøy har sjølv slite med eteforstyrringar, og meiner pandemien har gjort det verre for mange i tilsvarande situasjon.

Foto: Helle Frogner

– Det er nok mange som har blitt påverka av for mykje åleinetid under pandemien, seier Anniken Gjørøy.

25-åringen frå Askvoll i Vestland veit kva ho snakkar om. I mange år sleit ho med anoreksi før ho fekk hjelp.

I dag har ho det bra, men tykkjer det er urovekkande at så mange unge melder om at dei har eteforstyrringar.

– Åleinetida under pandemien er eit slags draumescenario for ein med eteforstyrringar. Du møter ikkje så mange, og det er ingen som kommenterer verken på vekt eller mat.

– Alvorlege tal

I 2021 vart Rådgjeving om spiseforstyrrelser (ROS) kontakta 14.000 gonger av personar som trong hjelp. På chat har dei hatt dialog med barn heilt ned i åtteårsalderen.

– Vi opplever at kontaktane er meir alvorlege og samansette enn før, seier generalsekretær Irene Kingswick.

Irene Kingswick, generalsekretær i ROS Rådgivning om spiseforstyrrelser

STOR PÅGANG: Irene Kingswick, generalsekretær i ROS Rådgjeving om spiseforstyrrelser.

Foto: Lene Dossdal / ROS

Berre sidan 2019 har talet på kontaktar som melder om sjølvmordstankar og sjølvskading auka med 75 prosent.

– Dette er alvorlege tal som vi gjer alt vi kan for å imøtekome, men som vi ikkje har økonomiske ressursar til å møte på ein god nok måte, seier Kingswick.

Må ta problema på alvor

– Vi er no nøydde til å rigge tenestene våre for barn og unge. Kanskje må vi også tenke nytt, seier Linn Merethe Bæra.

Ho er leiar for brukarerfaring i Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstenesta (UKOM).

Bæra meiner vi og må diskutere om dagens modell med primærhelseteneste og spesialisthelseteneste er den beste.

– Helsehjelpa må vere så tett som mogleg på dei unge, og det må vere føreseielegheit i tilbodet. Det er noko dei unge sjølve melder tilbake.

Linn Merethe Bæra, leiar for brukarerfaring i Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten UKOM

TENKE NYTT: Linn Merethe Bæra er leiar for brukarerfaring i UKOM Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstenesta.

Foto: Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten UKOM

– Be om hjelp

Etter fleire år med behandling, der ho ein periode gjekk til psykolog tre gonger i veka har Anniken Gjørøy, det bra i dag. Ho er oppteken av at unge som slit ikkje må vere redde for å be om hjelp.

– Meir openheit er viktig for å hjelpe dei som slit med eteforstyrringar til å forstå seg sjølve og innsjå at dei har eit problem.

Om ikkje eteforstyrringar blir tekne tak i tidleg, blir det lett ein del av identiteten til vedkomande og desto vanskelegare å hanskast med, seier Gjørøy.

– Det blir så altoppslukande at du ikkje klarar å sjå seg sjølv utan sjukdommen. For min eigen del var det godt å møte andre som var i same situasjon og vite at du ikkje var åleine.