Her er det nye flaggskipet

«RS Odin» har kosta 45 millionar. Tysdag var den nye redningsskøyta på snarvisitt i Måløy.

Det er Den Norske Krigsforsikring for Skip (DNK) som har finansiert båten til 45 millionar kroner.

– Det er den største donasjonen til ei einskild redningsskøyte nokon gong, og vi er sjølvsagt svært takksame for at reiarane gjennom sitt eige forsikringsselskap på denne måten tek et viktig samfunnsansvar, seier generalsekretær Øyvind Stene i Redningsselskapet.

Toppfart på nær 30 knop

Tysdag hadde Måløy storfint besøk av det nyaste og dyraste innen redningsskøyter: «RS Odin» var på presentasjonstur langs kysten på veg nordover til Ålesund.

– Vi har open båt der alle som vil er velkomne om bord for å sjå båten frå innsida, seier skipsførar Per Morten Brennvik.

Redningsskøyta «RS Odin» er ei vidareutvikling av dei største hurtiggåande fartøya i Redningsselskapet. Fem av desse er allereie plasserte langs kysten.

Dei har ei toppfart på nær 30 knop, slepekraft på over 20 tonn og ei rekkjevidde på meir enn 600 nautiske mil.

Har leiteutstyr med infraraudt kamera

Den nye redningsskøyta har eit mannskap på tre, er den dyraste som nokon gong er bygt, og skal etter ein kort testperiode vidare til Finnmark.

– Om bord finst det siste innan leiteutstyr som infraraudt kamera, som gjer det lettare å finne personar i sjøen og gir oss som arbeider om bord ein enklare kvardag, seier styrmann Svein Tore Mareliussen.