Den friske kapitalen kjem når britiske Eight Roads Ventures og Balderton Capital kjem inn på eigarsida i Førde-verksemda.
– No kan me halda fram med vår europeiske energirevolusjon i eit endå høgare tempo, seier Edgeir Vårdal Aksnes, administrerande direktør i Tibber.
Satsar stort i Europa
Det digitale straumselskapet Tibber kjøper automatisk inn energi gjennom ein app, og gir kundane ei oversikt over prisar og forbruk i same teneste. No har dei 100.000 betalande kundar, og satsar stort i Europa.
– Det skal gå til ny produktutvikling, me skal gjera appen Tibber enklare og lansera ny maskinvare. For å gjera alt dette, samt å gjera Tibber tilgjengeleg for nye brukarsegment, så treng me mange tilsette og store investeringar i teknologi. Til sjuande og sist er det folk og arbeidsplassar dette blir til, seier Aksnes.
For nokre veker sidan meldte selskapet at dei skulle tilsetta 300 nye personar. Det heng saman med at dei tysdag kan melda om det nye partnarskapet med dei internasjonale investorane.
– Selskapet kunne stått på eigne bein i dag og halde fram i ein god trend. Men me ser at me har moglegheit til å gripa nye marknadar i fleire delar av Europa. For å gjera det, og koma med nye produkt, så treng me fleire flinke hovud, seier Aksnes.
skriv at Tibber no er verdsett til mellom 1,5 og 2 milliardar kroner. Dei såg dagens lys då dei vann Petter Stordalen si gründerkonkurranse i 2016, og .
– Selskap med erfaring
Dei to investorselskapa som står bak er begge basert i London, og, ifølgje Aksnes, blant dei beste investorane i Europa.
– Dei har investert i mange selskap eg ser me kan læra mykje av. Dei massevis av erfaring med selskap som er i den fasen me er no, det er litt av årsaka til at me har valt å gå for dette, seier han.
– Tibber ligg langt framme når det kjem til å utvikla teknologi som skal bidra til ei berekraftig framtid. Me har følgt med på straumbransjen i årevis og såg med ein gong at Tibber er ein «game changer», seier Alston Zecha i Eight Roads Ventures i pressemeldinga.
EVENTYRLEG OPPSTART: Tibber vann Petter Stor
Foto: Oddmund Haugen