Hopp til innhold

Tibber endrar omstridd faktureringspraksis

Tibber har i løpet av to turbulente månader gått frå det mest populære til eit av dei minst populære straumselskapa. No tek selskapet grep for å rette opp tilliten.

Teknologiselskapet Tibber har hatt en omsetning på 200 millioner kroner hittil i år. – Det har vært en fantastisk utvikling, sier gründer Edgeir Vårdal Aksnes.

NYE RUTINAR: Heretter kan kunden sjølv sjekke i Tibber-appen kor mykje straum som er forbrukt fram til forfallsdato, og justere fakturabeløpet deretter.

Foto: Oddmund Haugen

Kundane i Tibber kan heretter sjølv avgjere om dei vil betale for faktisk forbruk fram til og med forfallsdato, eller om dei vil betale det estimerte beløpet som står på fakturaen.

Grepet kjem etter det som har vore omtalt som «ein omdømmekollaps» for selskapet.

I september vart selskapet skulda for lovbrot frå Forbrukartilsynet etter at selskapet endra fakturarutinar med to dagars varsel.

Lova seier at kundar har krav på 14 dagars varsel når vilkåra blir endra.

Tibber forklarte endringa med «likviditetsutfordringar», høgare renter, dyrare straum og «fråværet av statsgarantiar for norske straumselskap».

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Inntil i haust la Tibber ut for straumen i opptil 45 dagar før dei fekk att pengar frå kunden.

Ved å fakturere for kundane sitt estimerte forbruk ein halv månad fram i tid, blir denne perioden kortare og utlegga mindre.

Forklaringa var likevel ikkje nok til å stilne kritikken, symbolisert ved at Tibber i desember fall frå 1. til 104. plass på lista over dei best likte straumselskapa i landet.

Fredag denne veka varsla selskapet at dei tek grep for å rette opp igjen tilliten til selskapet.

Reint praktisk ved at kunden sjølv kan sjekke i Tibber-appen kor mykje straum som er forbrukt fram til forfallsdato, og justere fakturabeløpet deretter.

Daniel Lindén og Edgeir Vårdal Aksnes, gründerar av Tibber

– Med den nye modellen betaler du berre for straum som faktisk er brukt, seier Tibber-sjef Edgeir Aksnes. Her saman med gründer-kollega Daniel Lindén.

Foto: Johnny Vaet Nordskog / Johnny Vaet Nordskog

Vi har jobba på spreng

Sidan oktober har delar av fakturaen vore basert på «estimert forbruk», basert på anteke straumpris og anteke forbruk. I desember har straumselskapet lagt til grunn eit estimat på 4,23 kroner per kilowattime.

Straumprisen i Noreg har variert frå 2 øre til over 8 kroner per kWh sidan august.

Med den nye modellen betaler du berre for straum som faktisk er brukt, seier Tibber-sjef Edgeir Aksnes.

Han erkjenner at hausten har vore utfordrande for selskapet, men vil ikkje seie kor mange kundar dei har mista.

Mange var ikkje fornøgd med den nye fakturapraksisen vår, og vi har jobba på spreng med å finne alternative løysingar. No har vi kome eit lite stykke på veg.

Han legg til:

Vi vil halde fram med å lytte til innspel frå kundane for å finne dei beste løysingane for fakturering og betaling.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på Stortinget

Olje- og energiminister Terje Aasland seier tilgangen på kontantar er «eit avgrensa problem» hos norske straumselskap, men at departementet «følgjer nøye med på utviklinga».

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Terskelen for å komme inn som straumleverandør er relativt låg

Også fleire andre straumselskap har i haust rapportert om utfordringar med likviditeten.

– Det er ei utfordring at terskelen for å komme inn som straumleverandør er relativt låg, medan krava til finansiell styrke har auka dramatisk, seier Mona Adolfsen i Samfunnsbedriftene.

Økonom Peter Warren sa til NRK i oktober at eigenkapitalen til norske straumselskap «generelt er for låg i forhold til dei forpliktingane dei tek på seg».

– Straumselskapa treng å harmonere eigenkapitalen sin i forhold til auka kundemengd og svingingar. Ved å gjere dette vil eigenkapitalen stå i forhold til forpliktingane dei tek på seg.

Tibber skriv i sin eigen årsrapport at eigenkapitalen er «lågare enn det banken krev».

Tibber årsrapport
Foto: NRK

I Sverige, Danmark og Finland har styresmaktene oppretta lånegarantiar i hundremilliardersklassen for å hjelpe selskap som hamnar i pengeskvis på grunn av høge straumprisar.

Den norske regjeringa har svart at det ikkje er behov for liknande tiltak i Noreg.