Hopp til innhold

Ti vitne avhøyrde etter fabrikkbrann

Politiet står framleis utan svar på kvifor det byrja å brenne i krabbefabrikken på Herland.

Løkeland krabbefabrikk

TOTALSKADD: Delar av det nær 100 år gamle fiskemottak og krabbefabrikken på Herland vart totalskadd i brannen nyttårsaftan.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Til no er ti personar avhøyrde i samband med brannen natt til nyttårsaftan. Lensmann i Askvoll, Åge Løseth, vil ikkje kommentere kva vitna har forklart.

– Vi har denne veka avhøyrt brannfolk som var tidleg på staden, og folk som observerte brannen på eit tidleg tidspunkt. Det vil vi halde fram med utover dagen, seier han.

Krevjande arbeid

Kripos kom til Atløy tysdag for å starte det krevjande etterforskingsarbeidet i ruinane. Det er førebels uvisst kor lang tid dei treng til arbeidet. I tillegg er lokale teknikarar på branntomta for å prøve å finne svar på brannen.

Politiet har tidlegare opplyst at dei meiner brannen starta i det gamle fryseriet.

– Det er eit krevjande arbeid. Brannskadane er store, og det gjer jobben med å finne svar i tomta ekstra vanskeleg, seier Løseth.

Delar av fabrikken vart totalskadd i brannen . Kring 13 personar hadde sin arbeidsplass i fabrikken. Løseth seier at politiet etterforskar brannen breitt.

– Vi held alle moglegheiter opne, seier lensmannen.

– Vi er inne i ein kartlegging- og innsamlingsfase no. Der vil vi vere ei stund til, og før vi har fått sett på det materialet så er det vanskeleg å seie noko meir om årsaka, legg han til.