Hopp til innhold

Slik fjerna dei 10.000 tonn med miljøgifter frå den gamle «giftpølen»

Enorm opprydning etter årelang krangel mellom den målingsprodusenten Hempel og norske myndigheiter på Askøy.

Hvit fabrikkbygning i Florvågen på Askøy, blikkstille vann med båthavn til høyre i bildet

FULL AV GIFT: Det er frakta vekk store mengder lim, lakk, kvikksølv, måling og massar med asbest frå den gamle fabrikken.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Det var Miljødirektoratet som til slutt måtte gripa inn mot den danske målingsprodusenten Hempel AS no.

Frå 1918 til 1991 har det vore produsert måling og lakk i Florvågen på Askøy utanfor Bergen. Men det har sett sine spor.

Grunnen rundt fabrikken har vore svært forureina, og i årevis blitt kalla ein «giftpøl» i lokale medier.

No er eit omfattande oppryddingsarbeid nettopp avslutta. Det er fjerna søppel og gifter både under og over bakken, totalt:

  • 9100 kilo sink, 8500 kilo bly
  • 4400 kilo kopar, 300 kilo kvikksølv
  • 11 kilo PCB
  • 27 tonn olje frå eigedommen.

Med det går ein årelang strid mot slutten.

Florvåg på Askøy utenfor Bergen

FLORVÅG: Sjølv om område på land er rydda, står att no ein større jobb på sjøbotnen i Florvåg. Biletet er tatt i 2008 lenger ute i vågen.

Foto: Aqwis / Wikimedia

Asbest, lim, lakk og kvikksølv

Hempel eigde fabrikken frå 1983. I 2004 påla Miljødirektoratet selskapet å undersøkje forureiningssituasjonen i grunnen og i tilgrensande sjøområde.

Hempel klaga på pålegget. Dei og miljøvernstyresmaktene gjekk dei neste åra fleire rundar i rettssystemet, også etter at Høgsterett handsama saka i 2010.

I 2018 kom det endelege vedtaket frå myndigheitene. Hempel måtte rydda opp.

Den danske målingsprodusenten Hempel har sidan det grave opp 17.200 tonn masser i grunnen på fabrikkområdet i Florvågen i Askøy. Dei har levert 10.300 tonn forureina massar til godkjend mottak. 2155 tonn var farleg avfall og 137 tonn var asbest.

I to gamle fabrikkbygningar er dessutan rundt ni tonn måling, lim, lakk, kvikksølv og oljeforureina avfall teke vekk.

Hempel Askøy

GIFTER OG SØPPEL: Industriområdet hadde svært mykje forureining både over og under bakken, etter mange tiår med målingsproduksjon.

Foto: Klima- og forureiningsdirektoratet

Kasta masser i myrområde

– Vi er godt nøgde med at selskapet Hempel AS har rydda opp forureininga på land i Florvågen. Det er viktig å fjerna utslepp frå tidlegare tider, slik at miljøgifter som har leke ut i grunnen, ikkje skadar miljø og helse, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

I eit pålegg måtte Byfjorden Næringspark AS, som kjøpte eigedommen frå Hempel midt på 1990-talet, rydda opp.

Dette stamma frå at dei like etter at dei kjøpte tomta, deponerte avfall i eit myrområde.

Her er 194 tonn forureina massar levert til avfallsmottak.

97 prosent av eigedommen på land på fabrikkområdet i Florvågen er no sanert.

Ifølgje direktoratet er det igjen noko forureining i grunnen – delvis under bygningar – som det er svært vanskeleg å fjerna.

Miljødirektoratet seier at forureininga som ligg igjen ikkje utgjer risiko for helse og miljø. Men rivning eller graving på eigedommen i framtida må ta nødvendig omsyn til dette.

Området skal overvakast for å fastslå om tiltaket verkar etter hensikta i ein periode framover.

Utgraving ved Hempel sin gamle malingsfabrikk på Florvåg på Askøy

DJUPT: Det vart grave bort over 17.000 tonn massar rundt den gamle målingsfabrikken på Askøy. Det meste var forureina med miljøgifter som sink, bly, kvikksølv og PCB.

Foto: Golder

Sjøbotnen står att

Miljødirektoratet vurderer no tiltak for opprydding i den svært forureina sjøbotnen i Florvågen utanfor fabrikkområdet.

Etter Miljødirektoratets vurdering må Hempel AS vera med og finansiera denne oppryddinga.

– Vi er glade for at det no er rydda opp på fabrikkområdet og at denne saka er avslutta. I samband med dette vil vi gjerne framheva den gode dialogen og samarbeidet vi har hatt med norske styresmakter, skriv kommunikasjonsdirektør Malte Vermehren Eggers i Hempel AS til NRK.

Han vil ikkje kommentera om, eller kor mykje, selskapet vil bidra til opprydding på sjøbotnen utanfor anlegget.

– Hempel vil naturlegvis gå i dialog med dei norske styremaktene viss dei vender seg til oss. Me har ikkje ytterlegare å leggje til om dette nett no, skriv Eggers.

Nyasfaltert dekke utenfor Hempel malingsfabrikk i Bergen

ANSVARSKRANGEL: Det tok 14 år og fleire rettsrundar før Hempel AS starta sanering på det tidlegare industriområdet sitt på Askøy. Området er no nyasfaltert.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK