Hopp til innhold

Færre skadde av fyrverkeri i år. Men utvikling blant unge bekymrar augelegen

Ti personar blei skadde av fyrverkeri nyttårsaftan. Augelege fryktar fleire tilfelle i dagane som kjem. – Ser stadig meir uvettig bruk blant unge gutar.

Øyelege Nils Bull ved Haukeland universitetssykehus

ÅTVARAR: Overlege Nils Bull ved augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Bilete på skjermen bak viser eit skadd auge etter ei ulukke i fjor. Det svarte i augeeplet er krutslam etter ein eksplosjon.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

I år som i fjor var det travelt for naudetatane under nyttårsfeiringa, trass i strenge koronatiltak.

Ti personar fekk behandling for augeskadar på sjukehus i Noreg etter fyrverkerioppskyting.

Fire av dei er alvorleg skadde, og resten fekk moderat alvorlege skadar.

– Fire av dei skadde var tilskodarar, deriblant den eine guten og kvinna, begge desse to fekk alvorlege augeskadar, seier Nils Bull, overlege ved augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Han samlar årleg inn dei nasjonale skadetala etter nyttårsfeiringa.

– Eit batteri velta og gav alvorleg augeskade på ein gut som var tilskodar. Ein person fekk alvorleg augeskade då han stod bøygd over batteriet då det blei tent på. Ein fekk alvorleg augeskade då han gjekk tilbake til eit fyrverkeribatteri kor berre ein del av batteriet var gått av og tente på ein gong til, fortel overlegen.

Fellesfyrverkeri på Byfjorden mellom Bergen og Askøy nyttårsaften 2021.

Fellesfyrverkeri på Byfjorden mellom Bergen og Askøy nyttårsaftan 2021.

Foto: Christine Fagerbakke / NRK
  • Ei yngre kvinne vart i år behandla for ein fyrverkerirelatert augeskade ved Oslo universitetssjukehus.
  • Ved Sørlandet sjukehus er det meld om eitt tilfelle av augeskade. Det er ikkje alvorleg og skal bli følgd opp i løpet av januar.
  • Ein mann og ein gut kom til Haukeland universitetssjukehus med moderat alvorlege augeskadar. Begge var tilskodarar.

– Ny trend

Kvart år ringer augelege Bull til alle landets augeavdelingar og snakkar med vakthavande lege. Slik kartleggar han skadene, kven som vart skadd og korleis skadene oppstod.

Dei siste åra har han registrert stadig meir uvettig bruk av fyrverkeri blant unge gutar.

– Eg er redd for at dette er ein ny trend, som kan ha ein smitteeffekt.

Over heile landet meldte politiet nyttårsaftan om ungdommar som skaut fyrverkeri mot folkemengder og bygningar.

I Bergen sentrum drog politipatruljar inn fyrverkeri og ringte ringdette etter at ein ungdomsgjeng sende fyrverkeri mot andre på Torgallmenningen.

Bevisst misbruk av fyrverkeri har i liten grad vore vanleg tidlegare, meiner Bull. No ser ein slike episodar igjen i statistikken, fortel han.

– Me har hatt meir enn nok av dei skadane fordi det er uhell, men ikkje som følger av bevisst misbruk der personar skyt på kvarandre. Dei skadane har me sett no, opplyser Bull.

Fyrverkeri over Skansen i Bergen nyttårsaften 2021

BERGEN: Fyrverkeri over Skansen gamle brannstasjon nyttårsaftan 2021.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Ser med uro på utvikling

Faren er heller ikkje over, ifølge augelegen. Dei seinare åra har det vore fleire medieoppslag om mindreårige som har tatt med seg fyrverkeri på skulen og fyrt opp eksplosivane innandørs.

– Me ser det i dagane etter nyttår. Unge med tilgang på fyrverkeri tar med seg det som er til overs og eksperimenterer. Eg er uroa for fleire slike tilfelle og fleire ulukker.

Bull, som i mange år har vore ein forkjempar for eit absolutt forbod mot fyrverkeri, trur sosiale medium spelar inn.

– Eg trur heilt klart det er ein faktor. Det er om å gjera å ha dei tøffaste videoane med dei mest kraftige episodane.

– Meiningslause skadar

Talet på augeskadar i landet har gått ned dei førre tre åra, og er no på same nivå som i fjor.

Fleire vart då redda av at dei brukte vernebriller, men ingen av dei skadde i år brukte vernebriller:

– Det er for tidleg å kalla det ein trend etter berre to år, men det er gledeleg at talet går ned.

Fyrverkeriet fører også til forbrenningar og skadar på andre kroppsdelar.

Bull har i fleire år tatt til orde for å forby privat fyrverkeri. No håper han noko vil skje når forskrift om fyrverkeri og pyrotekniske artiklar skal reviderast i år.

– Politikarane har i år ein moglegheit til å få slutt på desse meiningslause skadane når dei skal revidera forskrifta som regulerer fyrverkeri, seier overlegen.

Han viser til at 40 organisasjonar, fagpersonar og politiske parti stiller seg bak eit opprop frå Dyrebeskyttelsen som ber politikarane om forbod.

Målet er å verne om menneske, dyr og miljø.

– På 17 år har det vore 261 augeskadar, i tillegg kjem handskadar, brannskadar, hørselstap og mange mindre skadar behandla på legevaktene. Einaste måten å få slutt på dette er ved å hindre tilgangen, seier Bull.

Unge Venstre vil ha forbod

Nordmenn flest er no samd i eit forbod mot privat fyrverkeri.

Det same er Unge Venstre.

– Elles i året forbyr me jo folk å leika med små eksplosivar. Timane mellom klokka 18 og 02 på nyttårsaftan bør ikkje stå i ei særstilling. No er det på tide å forby privat fyrverkeri, seier Unge Venstre-leiar Ane Breivik til NTB førset nyttårsdag.

Ordføraren i Ringsaker i Innlandet har foreslått å erstatte fyrverkeri med å tenne bål. Eit anna forslag er å la hundrevis av dronar overta showet.