Ved eitt høve prøvde han å sprenge ein av dynamittkubbane like ved Eid vidaregåande skule.
Mannen har også vedgått ei rekkje andre vinnings- og narkotikabrotsverk. Mellom anna heldt han vakt då to kameratar stal varer for 100.000 kroner frå ei gullsmedforretning på Eid.
Rusproblem
Mannen har store rusproblem og er tidlegare straffedømd. Han må no sone 10 månader i fengsel. I tillegg må mannen betale erstatning til ein del av ofra for brotsverka.