Hopp til innhold

Ti kolonner lettar kvardagen

I dag opnar den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger for kolonnekøyring etter brannen i sommar.

Reparasjon i Skatestraumtunnelen

OPNAR FOR KOLONNE: Frå i dag blir det ledebil gjennom tunnelen, ti gonger dagleg.

Foto: Sveinung Hovland / Statens vegvesen

Tunnelen har vore stengd sidan 15. juli då ein tankbil mista hengaren som hamna i fjellveggen. Hengaren var lasta med 16 500 liter bensin som tok fyr.

Det har vore lange omkøyringar på grunna av den stengde tunnelen. No får mange bilistar ein enklare kvardag. Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Margot Åsebø, seier det blir 10 kolonner kvar dag.

– Vi starta klokka seks i dag tidleg. Vi har trafikkvakter ved begge endane og det blir køyrt kolonne med ledebil gjennom tunnelen.

Ho seier dei vurderer det som trygt å sende kolonner gjennom tunnelen, sjølv om den ikkje er ferdig utbetra.

– Ja, det er trygt, men det blitt litt heft for entreprenøren som hadde jobba raskare utan kolonner. Men vi tykkjer det er viktig å gjere kvardagen enklare for alle som brukar vegen til dagleg.

Det er store og omfattande skader i tunnelen etter brannen. Åsebø seier dei har teke vekk 600 meter med øydelagt betong, stål og skum.

– Dette er reinska heilt ut og må erstattast. Det er også mange andre skader, som på lys-og vifteanlegg.

Tunnelen blir mest truleg opna for ordinær ferdsel i desember.

– Arbeidet går bra, så eg trur vi klarer målet vårt, seier ho.