Hopp til innhold

Thomas vann bil - pappa vann pengar

Familien Fugle frå Skei sikra seg både ein splitter ny bil og pengepremie då 1000 fiskarar konkurrerte under Aurefesten i Jølster.

Thomas Fugle

HADDE IKKJE BIL: Thomas Fugle har fram til no vore student utan bil. No er han eigar av ein Volvo V40 Cross Country.

Foto: Pressefoto

– Heilt fantastisk. Veldig artig, seier Thomas Fugle dagen derpå.

24-åringen vann hovudpremien, ein Volvo V40, då Aurefiskefesten 2015 gjekk av stabelen laurdag.

Vann på idealvekt

Rundt heile Jølstravatnet var hobbyfiskarar i alle aldrar og kjønn på jakt etter jølstraauren som skulle sikre premiebilen. 1000 påmelde fiskarar hadde tre timar på seg frå startskotet gjekk. 260 av dei fekk fisk og kjempa dermed om bilen.

Thomas Fugle fann seg ein stad i Kjøsnesfjorden og heiv ut snøret.

– Eg fiska litt då eg var yngre, men det er lenge sidan sist. Eg fekk éin aure. Den vog 252 gram, fortel skeissaren.

Under prisutdelinga før trønder-rockarane DDE gjekk på scena på Skei, var idealvekta på fisken likevel nok til at han vart trekt ut som vinnar av bilen til ein verdi av 335.000 kroner.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Aurefiskefesten 2015 i Jølster

TRAKK MYKJE FOLK: 260 av til saman 1000 påmelde fiskarar fanga 393 aure med ei samla vekt på 108 kg under Aurefesten. Her har ein kameratgjeng stilt seg opp ved Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Veit ikkje om han skal selje

– Eg har ikkje bil sjølv. I løpet av kvelden og natta har eg fått mange råd om kor vidt eg bør behalde den eller selje den, ler jølstringen som nett er ferdig med petroleumsutdanning på Teknisk fagskule.

Birger og Thomas Fugle

TOK STORESLEM: Birger Fugle sikra seg premien for største fisk, mens sonen Thomas vann hovudpremien.

Foto: Pressefoto

Og som om ein bil ikkje var nok, fekk far til Thomas, Birger Fugle, premien for største fisk under Aurefesten. Ein aure på 614 gram resulterte i ein gåvesjekk på 10.000 kroner.

– Det var god stemning, summerer opp Fugle jr.

Stemninga er også arrangøren svært nøgd med.

– Vi er ganske stolte over at det blei fullt hus. Vi hadde sett eit maks antal på 1000 påmelde og det blei det. Det var faktisk nokre vi måtte seie nei, seier Tom Farsund i eventselskapet FinDriv som står som teknisk arrangør.

NRK kjem tilbake med reportasje og biletgalleri frå Aurefesten seinare søndag.