Hopp til innhold

Thea har kutta ut bacon – fleire tenkjer på dyrevelferd når dei handlar

Seks av ti tenkjer på dyrevelferd når dei handlar mat. – Interessa er større enn vi trudde, seier forskarane bak ny rapport.

Thea er veganer på grunn av miljøet og dyrevelferd.

VEGANAR: Thea et verken kjøt, fisk eller meieriprodukt på grunn av miljøet og dyrevelferd.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det første eg bytta ut var bacon, seier 10 år gamle Thea.

Ho går rett bort til frysedisken, ikkje for å hente kjøttpølse eller fiskegrateng, men for å kjøpe vegetarburger.

For ei tid tilbake starta ho å velje vekk animalske produkt.

– Eg et jo mjølk, brød, pålegg, pizza og taco, men dei er plantebaserte alternativ, seier ho.

Thea blei veganer for fem månadar sidan.

UTVAL: Thea seier det finst eit godt utval av alternativ til kjøtt.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Seks av ti er bekymra for velferda til landbruksdyr og fisk, og yngre er meir bekymra enn eldre.

Det viser ein ny rapport frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet.

– Interessa for dyrevelferd er større enn vi trudde, seier Alexander Schjøll. Han er ein av forskarane bak rapporten.

Tre av ti sa at dei hadde latt vere å kjøpe ei matvare fordi dei var uroa for levekåra til dyret. Kylling var det produktet flest hadde latt vere å kjøpe.

Rapporten vart publisert 11. juni, ei veke etter at NRK viste korleis norske griser lir i månader og år utan at styresmaktene klarer å stoppe det.

– Dess meir informasjon vi sit på, dess lettare klarer vi å følge opp produsentane. Det vil bidra til betre dyrevelferd raskare, sa administerande direktør i Mattilsynet, Ingunn Midttun Godal, til NRK.

I SIFO-undersøkinga sa sju av ti at grisen bør få betre beskyttelse.

I ei liknande undersøking frå 2002 var det til samanlikning 14 prosent som oppga at dei tenkte på korleis dyret hadde hatt det.

Kva er god dyrevelferd?

Torunn Knævelsrud er seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet.

For at produksjonsdyr skal ha det bra, må fem punkt vere oppfylt, seier ho.

  1. Dyra skal ha tilgang på nok vatn og fôr av god kvalitet.
  2. Dei skal ha tilsyn og stell som tar vare på helsa og trivselen til dyra.
  3. Vern mot sjukdom og skadar. Dyra skal også få rask behandling eller avliving om nødvendig.
  4. Eit levemiljø som er tilpassa dyra sine behov som nok plass, lys, god luft, moglegheit for naturleg åtferd, aktivitet, kvile, og sosialt samvære med andre dyr.
  5. Vern mot frykt og stress.

Men det er ikkje alltid realiteten.

Det er det fleire grunnar til, seier agronom Siri Helle.

– Effektiviseringspresset som heile det norske landbruket har hatt dei siste ti åra, går utover dyrevelferda, seier ho.

Siri Helle er agronom og matskribent

EFFEKTIVISERINGSPRESS: Både bøndene, forbrukarane og politikarane har ansvar for dyrevelferd, meiner agronom Siri Helle.

Foto: Marit Brennset / Samlaget

Alle har skulda

Helle presiserer at det er bonden som har ansvaret for dyra, men at det også kviler eit ansvar på kvar og ein av oss.

– Vi har jo alle saman litt av skulda for dette.

I tillegg kjem det eit politisk ansvar, seier ho.

– Bønder blir tvinga til å tene pengar på andre vis, noko som gjer at dei blir pressa til å springe fortare og til å produsere meir.

– Må tole å betale meir

Tal frå SSB viser at nordmenn brukar om lag elleve prosent av inntekta si på mat.

Helle råder folk til å velje lokalt produsert kjøt frå drøvtyggarar. I motsetning til svin og kylling får dei i større grad vere ute i det fri, seier ho.

– Kanskje må vi tenkje litt annleis når det kjem til kva vi brukar pengar på.