Hopp til innhold

Tette fadderfestar uroar helsetoppar

Fadderveka er godt i gang. Sosialisering og festing pregar veka, og fleire stader har mange stilt spørsmål om smittevernråda blir haldne ved lag.

Mange var samla i Nygårdsparken den fyrste kvelden i fadderveka.

LITT FOR TETT: Både medisinsk fagsjef i Bergen, Trond Egil Hansen og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad reagerte med uro etter å ha sett bilete frå faddervekeferinga i Nygårdsparken i Bergen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

På fadderveka sin fyrste kveld har mange studentar samla seg rundt om kring for å verta betre kjende med kvarandre. I Nygårdsparken i Bergen hadde ei stor mengde samla seg.

I utgangspunktet var studentane organiserte i grupper på 20, men i enkelte var det fleire enn 20 samla, og blant mange var det kortare avstand enn éin meter. Flasker blei også sendt rundt blant studentane.

– Det er ei blanda kjensle. Det er hyggeleg å sjå at dei kosar seg i parken, men eg skulle ønske at dei kunne kombinere det med betre etterleving av avstandsreglane, seier medisinsk fagsjef, Trond Egil Hansen, i Bergen kommune.

– Men her er det langt fleire enn 200 menneske samla. Kva kan dei gjere med det?

– Det er fastsette reglar som befolkninga bør følgje. Når reglane ikkje blir følgde, er det avgrensa kva vi kan gjere med det frå kommunen si side. Eg er kjend med at politiet har ei viss oppfølging av dette, men dei må også gjere sine prioriteringar, seier Hansen.

Politiet i Bergen måtte tidlegare i dag løysa opp ei gruppe på over 150 studentar som stod utanfor ein butikk. Dei har også ein patrulje som skal sjå etter fadrar og fadderbarn.

Den medisinske fagsjefen i Bergen er bekymra over situasjonen.

– Eg skulle ønske reglane om avstand blei betre etterlevd. Men det er godt at dette er utandørs i parken, for det smittar nok endå lettare innandørs, seier han.

Trond Egil Hansen, medisinsk fagsjef, Bergen kommune.

FAGSJEF: Trond Egil Hansen, medisinsk fagsjef i Bergen kommune, skulle ønske smittevernreglane blei nærare følgde.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Må vurdera å avlysa

Hansen meiner arrangørane av samlinga i parken bør ta ansvar.

– Viss det er arrangement som ikkje er i samsvar med reglane, så må arrangøren vurdera å avlysa, seier han.

– Arrangørane er studentane. Trur du dei klarar det?

– Det får vi sjå på. Det er viktig for nye studentar å møtast og eg tenkjer at dei som ikkje deltar må dei få hanka inn i dei sosiale miljøa i etterkant, Hansen.

Tett også i Oslo og Trondheim

Tett fadderveke i Oslo.

FROGNERPARKEN: Mange var samla også i Frognerparken i Oslo måndag kveld.

Foto: Einar Lohne Bjøru / NRK

Også i Oslo og Trondheim har arrangementa under fadderveka blitt skulda for å vera for tette.

– Eg vil seia me har kontroll her. Valet er å anten vera i ein stor park med mykje luft, eller å vera inne i små leilegheiter, seier Constance Thuv. Ho er fadder for ei gruppe på BI i Oslo.

BI har valt å avlysa alle arrangement i fadderveka.

– Eg meiner me har overheld smittevernet, seier Thuv.

Ho seier fadrane har ikkje lov til å gå nære andre dei kjenner. Dei held avstand og prøvar å vera gode eksempel for dei som dei er fadrar for.

Thuv trur ikkje måndag kveld blir den dagen med mest festing i løpet av fadderveka.

– Det blir nok verre utover veka, seier ho.

Fadderveke ved Festningen i Trondheim

FESTNINGEN: Fleire faddergrupper hadde samla seg på uteområdet ved Kristiansten festning i Trondheim måndag kveld.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

På uteområdet ved Kristiansten festning i Trondheim sit det fleire store grupper samla i dei seine nattetimane måndag kveld.

– Vi prøver å gjere det beste ut av det. Det er betre å samlast ute for å kunne klare å overhalde smittevernreglane, seier ein av studentane NRK pratar med.

– Er det forsvarleg å sitte så tett sjølv om ein er ute då?

– Vi held god avstand til dei andre faddergruppene, svarer studentane, og byrjar umiddelbart å flytte seg lenger frå kvarandre.

Laster Twitter-innhold

NRK har fått inn fleire tips frå folk som har passert Festningen og reagerer på at studentane ikkje følgjer smittevernreglane. Politiet i Trondheim vurderer no å gripe inn.

Kan få ein enorm smittesporingsjobb

– Fadderveka er viktig for studentane. På dagtid ser det ut som om dei er flinke, men når festen byrjar på kvelden og alkoholen kjem, blir det veldig vanskeleg å halda éin meters avstand.

Det sa assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til Dagsrevyen 21.

Dette kan føre til behov for mykje smitteoppsporing i ettertid.

– Det skal ikkje meir til enn eit par smittetilfelle blant dei som festar saman i ei veke, så får kommunen det gjeld ein enorm jobb med smitteoppsporing. Det kan bli for mykje for kommunen, seier han.

Verkar det som om studentane ikkje forstår alvoret i like stor grad som tidlegare i år?

– For heile befolkninga var alvoret tydelegare i mars og april. I sommar har me hatt blant dei lågaste smittetala i verda. Når alvoret byrjar å siga inn att er det vanskelegare å endra åtferd.

– Dette bekymrar oss, og det er viktig at også kvar enkelt student tek ansvar.

Den assisterande helsedirektøren meiner likevel det er mogleg å gjennomføra arrangement under faddervekene som er i tråd med smittevernråda.

– Er det små grupper med god avstand, som held seg unna alkohol og store festar, er det fullt mogleg. Men det er også eit viktig poeng å avgrensa kontakten til dei ein faktisk skal studera med, seier Nakstad.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

KAN GÅ BRA: Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner det er mogleg å gjennomføra arrangement i fadderveka om ein held seg til små grupper om held seg borte frå store festar.

Foto: Vidar Ruud