Hopp til innhold

Forskarar vil finna tiltak mot dette

Bergensforskarar skal strupa trafikken, stenga ned hamna og få slutt på vedfyringa.

Luftforureining i Bergen

RØDT FLEIRE PLASSAR: Dei raudaste områda har mest forureina luft. Kartet er basert på simuleringar utført av Nansensenteret. Dei raudaste felta til venstre viser Loddefjord og Fyllingsdalen. Til høgre ligg Danmarksplass.

Foto: Nansensenteret/Ani Vihervaara, Bergen Arkitektskole. Kart: Google Maps

Dårleg luft i Bergen

INVERSJON: Når det oppstår eit luftlokk i Bergen blir luftkvaliteten raskt dårlegare.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Dette er jo tiltak som ingen politikarar vågar å gjennomføra. Men så lenge ein gjer det i eit modellverktøy har det ingen innverknad på livet til folk, seier forskingsleiar Lasse Pettersson ved Nansensenteret i Bergen .

Datamodellering

Frå kontoret sitt på Marineholmen kan forskarar ved Nansensenteret snart leika byutviklingspolitikarar, med frie fullmakter.

Ved hjelp av ein modell utprøvd i Paris skal ein testa ut korleis til dømes reduksjonar i vedfyring og biltrafikk vil verka inn på bylufta ulike stadar i heile Bergen.

Målet er at politikarane skal ha betre grunnlag for å setta inn tiltak.

Lasse Pettersson

LUFTFORSKAR: Lasse Pettersson ved Nansensenteret i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Christian Rieber

- VI TRENG KUNNSKAP: Christian Rieber og GC Rieber-fondene betalar for forskinga.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Eit tidleg og forenkla forsøk viser allereie at det ikkje berre er Danmarks plass som er prega av dårleg luft (sjå illustrasjonen øvst i artikkelen).

Les og:

Vil ha fakta på bordet

– Det er mange som er plaga av dårleg luft i Bergen. Det er kun reell kunnskap som kan fortelja oss kva som er rett og galt, seier styreleiar Christian Rieber i GC Rieber fondene, som skal betala for forskinga.

Han håpar at bystyret i Bergen kan ha stor nytte av kunnskapen forskarane kjem fram til.

Målet er at prosjektet ikkje berre skal finna fram til riktige tiltak, men òg føra til betre varsling av luftkvalitet.

– For å få best mogleg effekt må ein kanskje setja inn tiltaka ein dag før, for å oppnå best mogleg effekt, seier forskingsleiar Lasse Petterson.

Tett trafikk over Danmarksplass

TETT TRAFIKK: Biltrafikken over Danmarksplass er medvirkande til dårleg luftkvalitet i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK