I dag slepper Festspillene årets program med meir enn 150 produksjonar som vert synt over 15 dagar.
ORFEO: Festspillene i Bergen slepp i dag programmet for 2015. Biletet er frå Orfeo basert på Claudio Monteverdis opera med same namn.
Foto: Monika RittershausCIRQUE ÉLOIZE: Det kanadiske nysirkuskompaniet Cirque Éloize kjem til Festspillene med førestillinga iD.
Foto: Valérie RemiseArbeidets med årets store produksjonar har tatt opp til 3–5 år. Andre programpostar grip tak i aktuelle hendingar som terroråtaka på karikaturteiknarar, fortel festspill-direktør Anders Beyer.
– Noko av det siste som har komme inn i programmet er ein debatt om ytringsfridom og kunst. Det er jo på bakgrunn av det som har skjedd i Frankrike og seinast i København.
Kjærleik og lokale artistar
Kafka feat. Røyksopp, Orfeo, Jan Eggum, Herborg Kråkevik med kor, BIG Nightmare Music, iD m/Cirque Éloize, og konsert med dansarar for byens borgarar ved Store lungegårsvann er blant dei tidlegare annonserte arrangementa.
TIL FESTSPILLENE: Ane Dahl Torp speler i eit nytt verk av Nils Henrik Asheim.
Foto: Elise Hellem Ratvik / NRKBlant årets store trekkplaster trekker Festspilldirektør Anders Beyer fram Ane Dahl Torp som skal spele i eit nytt verk av Nils Henrik Asheim og ein ny opera Adam & Eve–a Divine Comedy av Cecilie Ore.
Årets hovudtema «kjærleik» skal gjennomsyre mykje av programmet med opningsforestillinga Porgy and Bess, Orfeo og ein moderne versjon av Mies Julie.
– Folk skal kjenne seg forstyrra i 14 dagar på ein skikkeleg spennande måte der me leikar saman og vert klokare på kvarandre og verda, seier Beyer.