Hopp til innhold

Terraskandalen kan ende i retten

Vik kommune vurderer å melde Terra Securities til Økokrim.

Marta Finden Halset

Ordførar Marta Finden Halset må ta stilling til om Vik kommune skal melde Terra Securities til Økokrim.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Vik kommune sine advokatar i advokatfirmaet Lund & Co vurderer om det er grunnlag for å melde Terra Securities til Økokrim.

Storkreditor i konkursbuet

Advokat Stein Erik Stinessen i Lund & Co kan ikkje seie når advokatfirmaet vil konkludere om det er grunnlag for ein slik anmeldelse, men opplyser at Lund & Co har fortløpande dialog med Jon Skjørshammer som styrer buet til det konkursråka Terra Securities. Vik er i lag med dei sju andre terrakommunane dei største kreditorane i buet.

Vik har tapt 90 millionar

Vik kommune må kutte 25 millionar kroner årleg dei neste fire åra på grunn av dei estimerte tapa på over 90 millionar kroner etter terraskandalen.

Det er politikarane i Vik som til slutt avgjer om kommunen skal melde Terra Securities til Økokrim.

Ordførar Marta Finden Halset i Vik ønskjer ikkje å kommentere saka før Lund og Co har trekt konklusjonane sine.