Hopp til innhold

Terra-skandale kan hamne i retten

Tidlegare rådmann i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen, vegrar seg for å godta bota på 15 000 kroner for dokumentfalsk.

Tor Kristian Gulhaugen

VEGRAR SEG: Tidlegare rådmann i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen, er usikker på om han vil godta bot for dokumentfalsk.

Foto: NRK

Både Gulhaugen og økonomisjef Reidar Håvardstun fekk 15 000 kroner i bot for å ha forfalska kommunen sitt finansreglement i samband med Terra-skandalen .

– Dersom ikkje bøtene blir vedtekne, er det vanleg framgangsmåte at førelegga blir sendt til retten og det blir vanleg hovudforhandling der retten får presentert bevisa og vurdere skuldspørsmålet, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes.

Vegrar seg

Forfalskinga gjorde det mogleg for kommunen å kjøpe ytterlegare risikofylte verdipapir. Transaksjonane har ført til store økonomiske tap for kommunen.

Gulhaugen og Håvardstun hadde frist til 10. august om dei ville godta bota. No har begge fått forlenga frist ut månaden.

– For å vedta eit førelegg så må ein sette seg grundig inn i alle sider ved saka, seier advokaten til Gulhaugen, Petar Sekulic.

Ikkje eiga vinning

Håvardstun sin advokat, Rune Tysse, seier dei vil bruke tida fram til 31. august til å avgjere om dei vil godta bota eller ikkje.

Det vekte sterke reaksjonar i det politiske miljøet i Bremanger då det vart kjend at kommunen sitt finansreglement var blitt endra utan politisk godkjenning.

Samstundes er det formildande at det aldri har vore snakk om eiga økonomisk vinning.