Hopp til innhold

Terra-kommunane krev nær ein milliard - men det er berre 175 millionar igjen på deling

Terra-kommunane krev 934 millionar kroner i konkursbuet, men der er det berre att 175 millionar kroner å kjempa om. No har bustyraren klart sitt forslag til fordeling.

Bobestyrer etter Terra-konkursen, Jon Skjørshammer

LANGDRYGT OG KOMPLISERT: Ti år etter at Terra Securities gjekk konkurs, er bustyrar Jon E. Skjørshammer endeleg klar med si innstilling til korleis pengane i buet skal fordelast. Seier Terra-kommunane nei til forslaget, blir det truleg rettssak.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

– Siktemålet er å avslutta konkursbuet i god tid før nyttår, seier bustyrar Jon E. Skjørshammer.

I ti år har dei åtte såkalla «Terra-kommunane» kjempa om pengane i konkursbuet etter Terra Securities. Meklarhuset blei slått konkurs 28. november 2007, men fyrst no ser den kompliserte dragkampen om 175 millionar kroner i buet ut til å koma til ei løysing.

Skjørshammer har konkludert korleis han vil fordela pengane og har sendt innstillinga til kravshavarane. Fire av desse er store:

  • Terra-kommunane (Vik, Bremanger, Hattfjelldal, Haugesund, Hemnes, Kvinesdal, Narvik og Rana) har meldt inn krav på til saman 934 millionar kroner (kjelde: 2016-årsmeldinga til konkursbuet)
  • Citigroup Global Markeds Limited har meldt inn krav på 128 millionar kroner
  • Jernbygg AS og Akershus interkommunale pensjonskasse har til saman meldt inn krav på 99 millionar kroner

– Sidan 2016 har me arbeidd med desse ulike krava, for å bli samde om kva element som skal gå inn i erstatningskrava. No bør det vera grunnlag for å bli samde, seier Skjørshammer.

Skjørshammer har innstilt på at Terra-kommunane skal få 15–20 prosent av det kravet som bustyret har akseptert, ein lågare sum enn dei 934 millionar kronene som Terra-kommunane har meldt inn. Kor mange pengar det blir, vil ikkje bustyraren fortelja. Men kommunane er den største kravshavaren, så dei vil truleg få ein stor del av dei 175 millionar kronene.

Terra-skandalen

Terra-saka kom for dagen i 2007. Det var ein finansskandale med mellom andre meklarhuset Terra Securities og åtte rike kraftkommunar i hovudrollene:

Hattfjelldal-ordfører Asgeir Almaas

TAPTE PENGAR: Terra-kommunane har kjempa ein hard kamp for å få tilbake litt av pengane dei tapte i Terra-skandalen. Her er ordførar Asgeir Almaas i Hattfjelldal i 2014 i ei av dei mange rettssakene som har vore dei siste ti åra.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Meklarane i Terra Securities hjelpte Terra-kommunane til å investera store summar i verdipapir med skyhøg risiko. Pengane lånte kommunane mellom anna i Den norske bank (DnB), med garanti i framtidige kraftinntekter.

Kommunane håpa på stor forteneste, men gjekk på svimlande milliardtap. Berre Vik åleine tapte 120 millionar kroner. Det var innbyggjarane i kommunane som måtte betala ein stor del av prisen, gjennom kommunale kutt i velferd.

Ut av hengjemyra

For to år sidan tok kommunane det fyrste av fleire steg ut av den økonomisk hengjemyra:

  • I juni 2015 skreiv sju Terra-kommunar under ein forliksavtale med DnB. Kommunane måtte «berre» betala 650 millionar kroner, halvparten av det opphavlege kravet.
Lettelsen er stor i Vik, Bremanger og dei andre såkalla Terra-kommunane i dag, etter at dei har inngått forlik med DnB.

SVIMLANDE MILLIARDTAP: Vik og dei andre Terra-kommunane lånte store summar for å investera i høgrisikable verdipapir med garanti i framtidige kraftinntekter. TV-reportasje frå 5. juni 2015.

  • I fjor fekk kommunane på nytt att nokre av dei tapte pengane då eitt av Terra Securities sine forsikringsselskap, ACE, måtte punga ut 90 millionar kroner til kommunane.
  • I førre veke blei det kjent at kommunane har saksøkt det andre forsikringsselskapet til Terra, AIG, og krev over 80 millionar kroner i erstatning.
  • Og i haust kan altså Terra-kommunane også få att ein god del av dei 175 millionar kronene i konkursbuet, Men det vil vera «småpengar» samanlikna med kommunane sitt krav på 934 millionar kroner.

Vil unngå rettssak

Vilkåret for eit Terra-oppgjer før jul er at kommunane seier ja til fordelingsforslaget til bustyret. Vender kommunane tommelen ned, blir konkursbuet mat for domstolane. Det ønskjer verken Skjørshammer eller Terra-kommunane.

– Eg kan ikkje forskotera handsaminga i kommunane, men me i advokatfirmaet Lund & co. som hjelper kommunane, har eit godt håp om at dei vil finna dette tilfredsstillande, seier Ulf Larsen, advokat til tre av Terra-kommunane.

Nokre av kommunane vil leggja forslaget frå bustyraren fram for lokalpolitikarane, medan andre allereie har teke stilling:

– Dei førebelse tilbakemeldingane frå desse kommunane er at dei er positive, men med nokre atterhald, som eg ikkje kan koma inn på, seier Larsen.