Terra-kommunane får seks nye år

Vik og Bremanger får ti år til å dekkje tapa på.

Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vil innføre nye reglar som gjer at kommunane kan dekkje inn tapa etter Terra-investeringane med mindre dramatiske kutt i velferdstilboda.

I følgje dagens reglar må kommunane fordele tapa over fire år.

I statsråd i dag vedtok regjeringa at norske kommunar unntaksvis bør få reknskapsføre tap og ekstraordinære utgifter over ti år.

Les også: Kleppa letter på krava

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vil skjerme innbyggjarane

- Dette er ein positiv nyhende som vi tek imot med glede, seier ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad.

Bremanger har tapt 180 millionar kroner på Terra-investeringane. Dersom dette skal dekkjast inn på fire år, vert det 45 millionar kroner i året. Over 10 år vert det 18 millionar i året.

- Vi får no ein ny situasjon som vert enklare å takle. Eg legg merke til at kommunalministeren vil skjerme innbyggjarane, og det vil vi truleg klare og oppnå no, seier han.

Klarer ein realistisk plan

Tilsette på rådhuset i Svelgen er i dag letta over at kommunen får betre tid til å dekkje dei store tapa på.

- Eg har sett mange på rådhuset stråle opp i dag. No kan vi lage ein realistisk plan i staden for noko som vi ikkje var mogleg å gjennomføre.

- Er det lurt å seigpine kommunen over mange år?

- Vi må gjere det vi kan for å ta det over kort tid, seier Svarstad.