Hopp til innhold

Terminalar nektar å ta imot dei nye sedlane

Då sambuaren til Sidsel Sørebø skulle betale for legebesøket med den nye 200-kronerseddelen, sa terminalen nei. Seddelen vart blankt avvist.

Sidsel Sørebø

AVVIST: Sidsel Sørebø måtte veksle den nye seddelen i ein gamal seddel for å få betalt for legebesøket.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

30. mai i år sette Noregs Bank i omløp nye 100- og 200-kronersedlar. Bakgrunnen er at det skal verte vanskelegare å forfalske pengesedlane.

Men det er ikkje berre for svindlarane at kvardagen er blitt vanskelegare. Også pasientar som betalar kontant ved norske legekontor har fått problem. Dei nye sedlane vert rett og slett avviste av betalingsterminalane til Melin Medical. Selskapet som har hovudkontor på Sandane i Nordfjord er den dominerande leverandøren av betalingsterminalar til norske legekontor.

– Må le litt av det

Det opplevde Sidsel Sørebø og sambuaren hennar, då sistnemnde skulle betale for eit legebesøk i dag. Sjølv etter gjentekne forsøk med å putte den nye 200-kronerseddelen inn i automaten, kom den berre ut igjen.

Sørebø ler av heile situasjonen, og seier ho forstod raskt kva som var problemet. Heller ikkje ei hjelpande hand frå ein tilsett på legekontoret gjorde at terminalen skifta meining. Først når den tilsette bytta den nye seddelen ut med ein gamal, ordna det seg.

– Eg kan ikkje anna enn å le av det. Eg skjøna jo raskt kva som var problemet, men for eldre og utlendingar, som gjerne betalar med kontantar, kan jo dette skape større forvirring, meiner Sørebø.

Har gamle sedlar på lur

Knut Erik Folland, leiar for Førde legesenter, seier at dei kresne terminalane ikkje er eit problem for pasientane.

– Vi var klar over problemet, og har utstyrt oss med gamle sedlar som pasientane kan veksle til seg om dei har nye sedlar.

Leverandøren beklagar

Melin Medical har betalingsterminalar ved fleire hundre legekontor kringom i i heile landet. I ein e-post til NRK forklarar dagleg leiar Ingvill Hestenes situasjonen slik:

Ingvill Hestenes

BEKLAGAR: Dagleg leiar Ingvill Hestenes hos Melin Medical lovar at terminalane skal ta dei nye sedlane i løpet av juni.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi har utvikla løysinga slik at den kan ta imot dei nye sedlane. Denne løysinga er no til godkjenning hos ein ekstern part. Denne prosessen har tatt lengre tid enn det vi hadde rekna med.

– Her er vi seint ute, og det beklagar vi på det sterkeste til alle berørte. Vi er veldig opptatt av at kontantar skal vere ein mogeleg betalingsmåte på terminalane våre, og derfor tar vi denne saka veldig alvorleg.

Hestenes skriv i e-posten at målet er at alle terminalene skal kunne ta imot dei nye sedlane i løpet av juni.

– Vi har vore i kontakt med store delar av kundane våre allereie. Dei har fått informasjon, og vi har fått etablert rutinar slik at berørte får den hjelpa dei trenger, avsluttar ho.