Hopp til innhold

Terje avviste vaksineråd: Vart lagt inn på isolat

Først då Terje Helgheim vart alvorleg sjuk av korona forandra han meining om vaksine. Legar seier det finst eit «grunnfjell» av vaksinemotstandarar som nesten er umogleg å overtale.

Terje Helgheim

TIDLEGARE MOTSTANDAR: Først då Terje Helgheim vart alvorleg sjuk av korona skifta han syn på vaksinen.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

Noreg er eit av landa med høgast vaksinasjonsdekning. Her i landet har 92 prosent av vaksne fått første dose og 88 prosent andre dose.

Det betyr samstundes at over 500.000 framleis ikkje er fullvaksinerte.

I den siste vekerapporten skriv Folkehelseinstituttet at alvorleg covid-19 no råkar middelaldrande uvaksinerte og eldre fullvaksinerte personar – og at det er «avgjerande» at uvaksinerte startar sin vaksinasjon.

Takka nei til vaksine

Førre veke vart Terje Helgheim (70) frå Jølster lagt inn på akutten med korona på sjukehuset i Førde, før han vart lagt på isolat på medisinsk avdeling.

Då hadde han vore til lege 14 dagar tidlegare, og avvist råd om å ta koronavaksine.

– Eg følte at eg ikkje hadde behov for det. Og at kroppen kan ordne opp i det, om eg skulle bli smitta, seier Helgheim.

Også familien oppmoda han sterkt til å ta vaksinen. Dottera sa til han på eit tidspunkt:

– Pappa, om du er så redd for at vaksinen inneheld noko farleg, skal du da overleve alle dine barn som har teke vaksinen?

Bilete frå Sjukehus

FRÅ SJUKESENGA: Terje Helgheim vart så dårleg at han måtte få intravenøs behandling.

Foto: Privat

Alvorleg sjuk

Han har diskutert spørsmålet med legen ved fleire høve. Helgheim har først og fremst vore usikker på verknadene over tid og kva stoff vaksinen inneheld.

Så fekk han korona like etterpå, og vart brått veldig dårleg.

Terje hadde store problem med å ta til seg næring. Det verkte i kroppen og han hadde høg feber.

På sjukehuset fekk han intravenøs behandling, før han etter kvart kom til hektene igjen. Hendinga var så skakande at han i dag har snudd totalt i vaksinespørsmålet.

Han la ut eit lengre innlegg på Facebook denne veka, med tittelen «Corona – en forbannelse»:

– Ta vaksinen. Risikoen ved å ikkje vaksinere seg er mykje større, slik eg ser det i dag.

Stor motstand

Fleire legar gir no uttrykk for at det er så godt som umogleg å overtale det siste «grunnfjellet» av vaksinemotstandarar.

Enkelte seier motstanden er såpass sterk, at det er avgrensa kor mykje tid dei brukar på å overtyde pasienten.

– Det er ikkje noko poeng å drive hard misjonering. Det blir som å forsøke å overtyde ein ateist med bibelsitat, seier leiar i Sogn og Fjordane legeforening, Ronny Cassells.

Han møter argument som pasientar har funne på internett, blant anna konspirasjonsteoriar og sterk mistru mot forsking og styremakter.

Då meiner han det er lettare å snakke med pasientar som er genuint redde og usikre, som har ei mindre ideologisk tilnærming.

– Dei er redde for sjukdommen, men samstundes redde for biverknaden av vaksinen. Der er det mogleg å kome i gang med ein dialog.

Ronny Cassels

KREVJANDE: Det er så godt som umogleg å overtyde ein del av vaksinemotstandarane, seier lege Ronny Cassells.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Også norske legar i utlandet merkar kor sterk motstanden kan vere.

Ottar Gadeholt er privatpraktiserande spesialist i sydøstleg del av Tyskland, og meiner det er vanskelegare å nå gjennom med argument no enn ved starten av pandemien.

Han fortalde om sine erfaringar på Twitter for nokre dagar sidan.

Twitter-melding frå Ottar Gadeholt

– Det er for så vidt slitsamt, til dels frustrerande. Men det er ei viktig oppgåve, som eg prøver å ta meg god tid til for å vise at eg tek innvendingane alvorleg.

– Lytt og forstå

Overlege og rådgjevar i Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, trur mange i helsevesenet kjenner seg igjen i erfaringa til legane.

FHI har laga eigne retningslinjer for å hjelpe helsepersonell med dei vanskelege samtalane.

Her er eit av råda å «unngå å skremme», men å vere tydeleg på kvifor vaksine er alternativet med lågast risiko for uheldig utfall.

Han meiner det er avgjerande viktig at det blir lytta til pasientar som argumenterer og kjenner seg utrygge.

Vi trur folk har tillit til legen sin og anna lokalt helsepersonell. Difor ønskjer vi at dei skal ta desse samtalane med dei som er usikre om vaksinasjon.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

RÅD TIL LEGANE: Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier det er laga eigne retningslinjer for helsepersonell som har samtalar med vaksinemotstandarar.

Foto: Tor Erik Schrøder

Pasienten sitt val

Marte Kvittum Tangen, leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, seier ho får tilbakemelding om diskusjonane som går føre seg på legekontora.

– Det er krevjande å skulle lytte til det som framstår som usant. Det er mykje informasjon på nett og sosiale medium som ikkje er kunnskapsbasert.

Ho understrekar likevel at legane skal respektere at enkelte seier nei, og at det ikkje bør vere påbod om vaksinering i Noreg.

Marte Kvittum Tangen, leder i Norsk forening for allmennmedisin

PASIENTEN MÅ BESTEMME: Marte Kvittum Tangen i Norsk foreining for allmennmedisin meiner det er viktig at pasientane får siste ord i vaksinespørsmålet.

Foto: Trond Øyvind Karterud/NRK

Professor i medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, Reidun Førde, er samd i dette.

– Årsaka til at vi i vårt land har så høg vaksinasjonsgrad, er fordi folket har tillit til helsestyremaktene. Dersom vi byrjar med tvang, så forsterkar vi kjensla av at eg ikkje vil at nokon andre skal bestemme over meg, seier Førde.