- Trass i dei tilsette sin positive innsats og frivillige bruk av ferie og avspasering, vart det diverre for lang stans til at anlegget kan starte med full drift, skriv Gilde i ei pressemelding.
Spekematanlegget vart delvis opna av Mattilsynet 7. april, men den tre veker lange produksjonsstoggen inneber at klima- og modningsromma no er tomme.
Spekematfabrikken til Terina vart stengd då det vart oppdaga e.coli-bakteriar i sognemorr og Haugpølse som var produserte i Sogndal.
Full støtte frå dei tilsette
Fabrikken har 95 tilsette. Dei støttar fullt opp om leiinga si avgjerd om permitteringar ved anlegget i Sogndal. Hovudtillitsvald Gerd Signe Grinde Håre seier dei står samla gjennom krisa. Ho har full forståing for at Gilde ser seg nøydd til å permitera 29 av dei 95 tilsette i Sogndal.
- Handlar om venta økonomisk tap
Men det er ingen som veit når Terina-anlegget er heilt på beina igjen. Etter at Mattilsynet fann e.coli i sognemorr frå Terina Sogndal for ein knapp månad sidan, har bedrifta vore sterkt redusert. I dag er mykje av produksjonen i gang igjen, men pølseavdelinga er berre 70 % friskmeld. Når Gilde no vel å setje ein tredel av arbeidarane på vent på ubestemt tid, så handlar det meir om det økonomiske tapet ein ventar å få - snarare enn det tapet selskapet alt har lidd, seier anleggssjef Per Steinar Sviggum.