Hopp til innhold

Tente 30.000 lys for kreftsjuke born

BERGEN (NRK): Familie i Bergen lyssette huset og hagen for å samle inn pengar til julegåver til sjuke.

Lyssetting til inntekt til julegåver for born med kreft

JULESTEMNING: Rundt 30.000 julelys vart tent for å skape julestemning, men og for å samle inn pengar til julegåver til born som har kreft.

Foto: Elise Angell / NRK

– Vi har plassert julelys alle plassar vi klarte å henge dei opp. Til slutt gjekk vi faktisk tom for plass, seier firebarnsfar Tord Glad Nordahl.

Hos familien Nordahl i Birkelandsbotn i Fana vart rundt 30.000 julelys tent fredag kveld. Samtidig som dei ønskjer å skape julestemning, har familien tatt initiativ til lyssettinga for å ha ein innsamlingsaksjon.

– Vi samlar inn pengar så vi kan gje julegåver til dei på barnekreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Det er dottera mi, Maribel (7) som tok initiativet. No håpar vi at naboar kjem og legg igjen nokre kroner, seier Tord.

Sendt inn pengar

I utgangspunktet var innsamlinga tenkt for familie, vener og naboar, men etter at fleire fekk vite om arrangementet har andre og tatt kontakt.

– Folk over heile landet har sendt inn pengar. Vi har fått inn over 2000 kroner allereie. Det er heilt fantastisk, seier Tord.

Målet til familien er å få inn 5000 kroner.

– Klarar vi ikkje det, så skal eg spytte inn resten sånn at vi får nokre fine gåver til borna.

Klar for lystenning

LYSTENNING: Firebarnsfar Tord Glad Nordahl og dotter Maribel (7) inviterte til julelystenning i eigen oppkøyrsel til inntekt for ei god sak.

Foto: Elise Angell / NRK

Dyr straumrekning

Då familien flytta til USA for ein periode, fekk Tord for alvor sjå den amerikanske julepyntgalskapen. Etter kvart fekk familien ei glede over det, og ville også skape den same kjensla her heime. No har det blitt til saman 30.000 lys fordelt rundt huset og i hagen.

– Eg har rekna ut at det vil koste fem kroner i timen for straumen, men det har vi råd til. Vi får både julestemning og ikkje minst gåver til dei kreftsjuke borna.

– Kva synest naboane med alle desse lysa då?

– Dei er litt vane med at vi er litt sånn «gale mathias» her borte. Eg håpar dei synest det er ein miks av litt kult og hyggeleg. Vi har verdas beste naboar så det går nok bra, seier familiefaren.

Lyssetting

NØGD: Naboane Julie Albreksten og Michelle Hagenes var godt nøgd med lyssettinga.

Foto: Elise Angell / NRK

Klipper av straumleidninga

Naboane Julie Albreksten og Michelle Hagenes var godt nøgd med lyssettinga.

– Det vart skikkeleg fint og kult, seier dei i kor. Vi synest det er veldig fint gjort at dei samlar inn til borna, legg dei til.

– Førebels er eg litt stum. Men blir det for gale og alle lysa skal stå på heile natta, då klipper eg av straumleidninga, seier nabo Helen Henriksen med eit smil.

– Men kva tenkjer du om det blir ei folkevandring til huset no då?

– Det går heilt fint, her er folk alltid velkomen, seier Tord med eit smil.