Toppsjefen i Helse Vest treng truleg ikkje uroe seg for økonomien sin. Bente Øien Hauge, som er leiar for Sjukehusaksjonen i Lærdal og koordinator i Folkerørsla for lokalsjukehusa likar dårleg at Nilssen tener så mykje.
- Utruleg
- Det er rett og slett utruleg at ein helsedirektør skal tene meir enn statsministeren, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.
Ho trur omlegginga til helseføretak er hovudårsaka til den uvettige lønnspolitikken.
- Eg trur først og fremst dette viser kor uheldig modellen med helseføretak er. For det er etter reforma vi har fått ein slik situasjon med marknadstenking og andre typar leiarar. Under fylkeskommunen hadde ein eit heilt anna nøkternt regime i leiarskapet for sjukehusføretaka våre, seier Øien Hauge.
Opprørt
- Det vi ser her er ein usunn kultur som har utvikla seg i helseføretaka. Skilnaden mellom leiinga og dei som har med pasientane å gjere aukar berre, legg ho til.
Leiar for aksjonsgruppa for Nordfjord Sjukehus, Svein Hansen.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKOgså leiar i Aksjonsgruppa for Nordfjord Sjukehus, Svein Hansen, er opprørt over Helse Vest-sjefen si høge løn.
Nekta å kommentere
- For å seie det rett ut tykkjer eg det er veldig veldig godt betalt. Når ein leiar i eit helseføretak har meir en landets statsminister skulle det kommentere seg sjølv, seier Hansen.
- Viss vi ser det opp imot det vi no opplever i Nordfjord der vi vert tvinga til å reise over to timar lenger for å bli opererte blir det litt rart tykkjer eg, seier han.
Herlof Nilssen nektar å kommentere kritikken mot si eiga løn.
SJÅ:
Tener toppsjefen i Helse vest for mykje? Sei di meining.