Hopp til innhold

Tenåringsgutar: – Kamerat sette fyr på huset

To tenåringsgutar har erkjent at dei var på Rota då eit eldre hus byrja brenne. Ifølgje gutane var det ein kamerat av dei som sette fyr på huset med vilje.

Brann i einebustad, Rota

BRANN NED TIL GRUNNEN: Huset på Rota var ikkje busett, og brann ned til grunnen sist tysdag.

Foto: NRK-tipsar

Politiet melder i ei pressemelding at dei reknar brannen i eit eldre hus på Rota i Flora som oppklart. Brannen skjedde tysdag kveld i førre veke.

– To gutar i tenåra har erkjent at dei har vore på staden og at ein kamerat av dei har sett fyr på huset med vilje. Alle tre er avhøyrde, men han som tente på har ikkje erkjent eldspåsetting, seier tjenestestadsleiar ved Flora politistasjon, Wenke Hope.

Hope seier til NRK at dei to gutane har gitt ei truverdig forklaring på det som skjedde.

– Kjenner de dykk trygge på at dette er rett?

– Forklaringane til dei to gutane er truverdig, og det stemmer også med andre opplysningar vi har i saka, seier Hope.

Takkar publikum for hjelp

Etter brannen gjekk politiet ut og bad om tips frå publikum som hadde sett eller høyrt noko. Overbefal Lars Ove Nygård i Florø brannvesen sa same kveld at dei meinte brannen måtte vere påsett.

– Fleire uavhengige har meldt frå om at brannen utvikla seg veldig raskt. Eg klarar ikkje sjå nokon grunn til at det skal byrje å brenne i eit hus som ikkje er busett, sa han til NRK sist tysdag.

Hope seier dei har fått god hjelp frå publikum og media i saka.

– Vi har fått inn ein del vitneobservasjonar, bilete og video som støttar forklaringane til dei to gutane som har erkjent at dei var der.

Hope seier hjelpa frå publikum har vore viktig.

– Eldpåsetting er ei alvorleg straffbar handling som kan få uante konsekvensar. Med ein særdeles tørr sommar og stor fare for spreiing kunne dette gått mykje verre enn det gjorde, uttrykker Hope.

Same gutegjeng stod bak brann ei veke før

Ei veke før brannen på Rota, den 1. august, brann det i ein gjenstand på ei bryggje på anleggsområdet til Fjord Base i Florø. Politiet reknar også denne brannen som oppklart.

Dei same to gutane har forklart at ein annan kamerat starta denne brannen. Det er altså to forskjellige gutar som har sett fyr, men alle er i same gjeng, fortel Hope.

– Dei har fortalt kven som har gjort det. Vedkommande har vore forsøkt kalla inn til avhøyr, men har vore utilgjengeleg og skal avhøyrast først i ettermiddag, seier Hope til NRK.

Barnevernet er varsla

Sakene vert no rekna som meir eller mindre ferdig etterforska. Dei blir snart sendt til jurist for vidare behandling.

– Gutane er i midten av tenåra, alle er under 18 år. Minst ein av dei er under den kriminelle lågalderen, som er 15 år, seier Hope.

Gutane som er over den kriminelle lågalderen må ta ansvar for dei kriminelle handlingane sine, og kan bu seg på både straff og erstatningsansvar, fortel Hope.

I tillegg er barnevernet varsla om alle gutane.

– Dei som er under 15 år vil bli følgde opp av barnevernet.