Hopp til innhold

14-åring sikta for drapsforsøk etter knivstikking i Luster

Ein 14-åring er sikta for drapsforsøk etter at ein mann i 50-åra blei angripen i eit skogholt i Gaupne i Luster fredag kveld. Politiet er kjende med at det finst video av hendinga.

Knivstikking Gaupne

I dette skogholtet i Gaupne blei mannen i 50-åra angripen av fem tenåringar.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Ein 14-åring er sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga i Gaupne i Luster fredag kveld.

Den fornærma mannen i 50-åra har også fått status som sikta i saka. Han er sikta for å ha avtalt møte med ein person under 16 år med seksuell omgang som mål.

Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Fire andre tenåringar er sikta for medverknad til grov kroppsskade etter episoden der mannen i 50-åra fekk knivskadar i halsen og i ei hand.

Les også Fem tenåringar sikta etter knivangrep i skogholt: – Han har knytt seg til hendinga

Mann ble knivstukket i et skogholt i Gaupne i Luster

Video viser hendinga

Politiet har etterforska saka gjennom helga, og i pressemeldinga skriv dei at dei er kjende med at det finst minst ein video som viser delar av hendinga.

– Den har vi sikra og vi er kjende med at den blir delt i sosiale medium, står det i pressemeldinga.

Politiet oppmodar om at videoen ikkje blir delt vidare og minner om at det kan vere straffbart å dele krenkande bilde.

Politiet har avhøyrt alle tenåringane og mannen i 50-åra og har tatt ei rekke beslag.

Hadde avtalt å møtast

Politiet seier til NRK at dei veit at tenåringane hadde avtalt å møte den fornærma, og at dei hadde hatt kommunikasjon på nett.

– Fornærma og minst ein av gjerningspersonane hadde avtalt å møtast, seier politiinspektør Janne Ringset Heltne.

Heltne om knivstikking Gaupne

Politiinspektør Janne Ringset Heltne.

Foto: Tone Berge / NRK

Politiet vil ikkje seie om tenåringane hadde lagt ei felle for mannen.

– Men i kva grad dei hadde planlagt dette, er noko etterforskinga må avdekkje.

Politiet har sikra delar av kommunikasjonen som føregjekk på nett. Dei har også tatt beslag i ein kniv.

Barnevernet følgjer opp

Ein av tenåringane er under kriminell lågalder, og dei andre er 15 år gamle.

– Fem er sikta i denne saka, men berre ein har status som sikta for drapsforsøk. Kvifor det?

– Det er den vi meiner var den mest aktive gjerningspersonen. Dei andre er sikta for medverknad til grov kroppsskade, seier Heltne.

Barnevernet har oppfølgingsansvar for dei mindreårige sikta, som alle er heimehøyrande i Indre Sogn.

– Sentralt vidare i etterforskinga vil no vere å sikre og gjennomgå digitale einingar og kontoar, seier politiet.

Skogholt i Gaupne i Luster der mann ble angrepet med kniv

I dette skogholtet blei mannen i 50-åra angripen av maskerte tenåringar. Ein av tenåringane er sikta for drapsforsøk, og den fornærma mannen har også fått status som sikta i saka.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Ikkje kjend med videoen

Mannen i 50-åra har ikkje tatt stilling til spørsmålet om skuld, seier bistandsadvokat Rolf Knudsen.

Han er sikta for paragraf 306 i straffelova, som er å avtale å møte nokon under seksuell lågalder med hensikt om å ha seksuell omgang med vedkomande, såkalla grooming.

– Han har forklart seg grundig om kvifor han var på staden og han blei spurt om siktinga i går i avhøyr og har ikkje tatt stilling til den.

Mannen er ifølge bistandsadvokaten ikkje kjend med videoen.

Knudsen seier at mannen har forklart at han opplevde at han blei utsett for eit drapsforsøk og at dei registrerer at politiet har endra siktinga på vedkomande.

– Så får den vidare etterforskinga avklare om det blir naudsynt med fleire endringa, seier Knudsen.

Mannen er ikkje livstrugande skadd, men ifølge Knudsen, er han svært medtatt og prega av det han har vore utsett for. Han har vore til behandling på Haukeland sjukehus.

Vedgår ikkje straffskuld

Forsvararen til den sikta fjortenåringen, Ivar Blikra, seier at «ein sikta under kriminell lågalder vedgår ikkje straffskuld».

Han reagerer kraftig på framgangsmåten til politiet, og seier både han og familien fekk beskjed om siktinga gjennom media.

– Eg finn det merkeleg at media får kunnskap om utvida sikting utan at ein informerer forsvarar, sikta og hans verjer om dette, seier Blikra.

Han utdjupar:

– For meg er dette heilt ubegripeleg. Min klient er eit barn, og han skal skjermast så godt det let seg gjere i denne saka. Han og familien står i ein mediestorm, slik det er no.

Til denne kritikken svarar politiet at dei tek «forsvarar sitt standpunkt til etterretning».

Eirik Mjelde forsvarar ein av femtenåringane.

– Det går mykje rykte og styr. Min klient meiner sjølv å ikkje ha medverka til grov kroppsskade med kniv, og det er det einaste eg vil seie på vedkomande sine vegne no, seier Mjelde til NRK.

Retting: I første versjon av denne saka skreiv vi at den kriminelle lågalderen er 16 år. Det er feil, det korrekte er 15 år. Opplysinga blei retta kl. 17.40 måndag.