Klokka 05.06 fredag morgon fekk politiet melding om ran av Esso Vestkanten i Loddefjord i Bergen.
– Meldingane vi fekk var at to personar forsøkte å rana stasjonen. Dei forsvann deretter frå staden til fots, seier innsatsleiar Ørjan Djuvik i politiet.
Fastlåst forhandlingssituasjon
I samband med søk etter desse to kom politiet over ein person som passa med skildringane.
– Etter kvart utviklar dette seg til ein fastlåst forhandlingssituasjon, og ein dialog i vegbanen. Me måtte då sperra av for trafikk, både for å skapa ro for oss og for å sikra tryggleiken til publikum, seier Djuvik.
Personen skal ha hatt med seg ein sabel, og politiet oppmoda folk i området om å låsa dørene.
Ørjan Djuvik er innsatsleiar i politiet. Dei har arrestert ein person som er mistenkt ranet.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRKPolitiet: – To gjerningspersonar
Klokka 06.17 var situasjonen under kontroll, utan at nokon kom til skade.
– Vedkommande er sikta for dette ranet, seier Djuvik.
I tillegg er tenåringen sikta for fleire andre forhold.
Operasjonsleiar Stine Mjelde seier til NRK at han også er sikta sikta for vald og truslar mot politiet.
Han blir teken hand om av politiet og barnevernet.
Politiet held fram med etterforsking etter ranet.
– Me har fått opplyst at det var to gjerningspersonar. Ein person er framleis ikkje tatt for ranet, seier innsatsleiaren.
Ein bensinstasjon i Loddefjord vart rana i 5-tida fredag morgon. To personar skal ha stått bak ranet.
Foto: Sissel Rikheim / NRK