Hopp til innhold

Telia-trøbbel: Var umogleg å bruka mange Telia- og One Call-telefonar

Selskapet veit førebels ikkje omfanget, men no skal feilen vera retta.

Telia Norge i Nydalen, Oslo tirsdag.

UVISST ANTAL: Det er førebels ikkje kjend kor mange Telia-kundar som vart råka.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

SISTE: Klokka 11.41 melder Telia at det tekniske problemet er løyst.

– Feilen som forårsaka problem med 4G tale og mobildata er nå løyst. Desse tenestene fungerer som normalt igjen.

Det skriv informasjonssjef Daniel Barhom til NRK.

Men problemet vil likevel ha nokre etterverknadar.

– Enkelte kundar vil framleis kunna oppleva noko forseinking på BankID på mobil. Vi beklagar så mykje ulempene dette har medført for råka kundar, skriv han.

«Anrop mislyktes»

Mange Telia-kundar opplevde torsdag føremiddag tekniske problem som hindra dei å ringa eller bruka Bank-ID. Telefonoppringingar vart avbrotne straks ein prøvde å ringa eller å ta telefonen.

Det skjedde anten telefonen i den andre enden har Telia-abonnement eller andre abonnement.

Derimot kunne Teliakundar framleis ringa naudetatanes nummer 110, 112 eller 113.

Også selskapet One Call brukar Telia-nett. Derfor var også One Call-kundar råka.

Pressekontaktane i verken Telia eller Telenor kjende til problemet eller visste årsaka då NRK tok kontakt klokka 10.

Bilde av anrop

MISLUKKA: Denne beskjeden fekk Telia-abonnentar som blir oppringte.

Foto: NRK

Feilretting pågår

Klokka 10.30 skriev informasjonssjef Daniel Barhom til NRK at enkelte kundar for augneblinken opplevde problem med 4G, tale og mobildata.

– Vi har full fokus på feilretting og jobbar med å få tenestene tilbake. Vi beklagar så mykje overfor dei kundane som er råka.

Daniel Barhom Informasjonssjef, Telia Norge

BEKLAGAR: Informasjonssjef Daniel Barhom i Telia beklagar overfor dei kundane som er råka.

Foto: Telia Norge

På Telias Facebook-side melde kundar frå ulike delar av landet om tekniske problem i dag.

Barhom kan klokka 11.50 framleis ikkje svara på kor mange kundar eller kva geografiske område som har vore råka.

– Vårt tekniske miljø jobbar nå med å kartlegga omfanget av hendinga, skriv han.

Kapasitetsproblem

Litt etter klokka 11 opplyste Telia at denne feilen også råka tenestene Telia Bedriftsnett og BankID på mobil.

– Vi ser at fleire kundar opplever manglande lyd i samtale som skuldast at 2G ikkje har kapasitet til å handtera all trafikk som vanlegvis går via 4G. Det påvirkar oss på mange ulike måtar, skreiv servicesjef Espen Vold i Telia Bedrift.

Informasjonssjef Magnus Line i Telenor seier det ikkje har vore registrert feil hos Telenor.

Kommentarfeltet Telia

KUNDESPØRSMÅL: Teliakundars kommentarar på selskapets Facebook-side.

Foto: Skjermdump / Facebook