Hopp til innhold

Telenor-krøll i Nordfjord

Telenor sine abonnentar i Stryn, Eid og Gloppen har dei siste dagane opplevd store problem med telefon og internett.

Internett

Illustrasjonsfoto.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

På Sandane og i Eid har abonnentar vore utan breiband og fasttelefon sidan søndag kveld. Ifølgje feilmeldingsstenesta er det venta at feilen skal vere i orden onsdag etter arbeidstid.

- Det er ganske alvorleg. Det er ikkje berre internett og Facebook det handlar om, men det har også noko med tryggleiken til dei som brukar telefonsambandet. Særleg eldre som ikkje har mobiltelefon. Dersom dei fell ut og ikkje får ringt om det er noko, så kan det vere alvorleg, seier Richard Schumann ved Datainstituttet på Sandane.

- Har betra seg

Fleire sandensarar har dei siste dagane ringt IT-verksemda for å be om hjelp. Han er ikkje sikker på kor stor del av Gloppen, eller Nordfjord for den del, som er råka av det Telenor skildrar som ein "større feil".

- Det har betra seg litt no. Det ser ut som om det kjem litt etter litt, men nettet er ustabilt, seier Schumann.

Problem i Eid

Problem har det også vore i Kjølsdalen i Eid. Også her har det vore store problem med internett og breibandstelefonar.

- Det som også er problemet er verksemder som avheng av internett, seier Schumann.

Informasjonssjef Scott Engebrigtsen hos Telenor, seier dette skuldast eit problem med ein rooter.

- I kveld vart det bytta eit kort der, men vi har også prøvd andre utbetringstiltak utan at det lukkast å løyse problemet. Vi vonar at feilen er utbetra til klokka 21 i kveld, seier han.

Feil vart retta

I Stryn har det har kring 250 fasttelefonikundar i bygdene Oldedalen, Hjelledalen, Hopland, Mindresunde, Hjelledalen og Tistam blitt råka av ein kortfeil på kablane til Telenor. Også mobilkundar har hatt redusert dekning i dag.

Ifølgje Telenor vart denne feilen retta i 18-tida i kveld.