Hopp til innhold

Telenettet var ute i Tysnes - kriseleiinga vart sett inn

Tysnes har i dag hatt eit alvorleg utfall av alt telenett, både på fasttelefon og mobil, og kommunen sette inn kriseleiing til telenettet var attende. Feilen vart retta klokka 18.00.

Kjetil Hestad

TELENETTET UTE: Ordførar Kjetil Hestad oppmoda alle som trong å komme i kontakt med lege, politi, eller brannkorps om å ringe naudnummera. Naudetatane var på plass der det var dekning.

Foto: NRK

SISTE: Feilen vart retta klokka 18.00, og kommunen skal ha fått attende dekninga.

– Det er framleis eit utlokalisert brot i telenettet som medfører at store delar av Tysnes er utan mobil og fastlinjetelefon, sa ordførar i Tysnes kommune, Kjetil Hestad til NRK via datalinje før klokka 16.00.

– Det vert jobba febrilsk med å finne årsaka til dette, og Telenor har mykje mannskap på saka, la han til.

Kommunen mangla dekning sidan klokka 9.00 onsdag, og det var lokalavisa Tysnes som først omtalte saka.

Har sett inn kriseleiing

Ordføraren sa det var uklart kva tid telenettet kunne komme attende, og at det difor er sett kriseleiing i verk i kommunen.

– Det er alvorleg når telenettet forsvinn, og i dagens samfunn så er det kritisk infrastruktur, og det skapar vanskar når ein ikkje har telenettet, sa Kjetil Hestad.

– Dette får konsekvensar for blant anna naudetatane som får problem med sine sambandsmiddel og sin måte å kommunisere på, så difor har kriseleiinga i kommunen innført tiltak for å kompensere på det utfallet, sa han.

Dekning nokre stader

Kommunen har disponert ut brannvesenet, lege med meir, slik at dei er i område som kommunen er trygge på at har telenettdekning.

– Dei som ikkje har dekning må komme seg til Våge og mot Lundegren viss det mot von skulle skje noko, sa Hestad.

– Der kan ein få klart å ringe ut. På Reksteren og kanskje deler av Flatråker, der vil kunne bruke telesignal frå Fitjar og Stord, men eg kan ikkje garantere dette, sa ordføraren.

Kjetil Hestad oppmoda alle som trong å komme i kontakt med lege, politi, eller brannkorps om å ringe naudnummera frå der det var dekning.

Deler av fibernettet skulle vera intakt.

Feilen skal ifølge Telenor ha blitt retta klokka 18.00.