Planen er å tilsetja omlag 50 nordmenn og svenskar i området.
Desse skal driva telefonsal retta mot Skandinavia - fjernstyrt frå Stord.
- Det er 15 000 nordmenn som bur i dette området. Mange ønskjer å jobba, og me treng folk, seier eigar Jan Kåre Pedersen.
Lågare lønsnivå i Spania
Frå før av har Stord Dialog omlag 150 personar i Sunnhordland på lønningslista.
1. september er det meininga å opna filialen med 50 tilsette i Alfaz del Pi på Costa Blanca, eit område med svært mange skandinavar.
Lønsnivået er lågare i Spania, og blir det då norsk eller spansk løn på dei tilsette?
- Det vil truleg bli ei blanding, men så langt er me endå ikkje komne, svarer Pedersen.