Hopp til innhold

Snøskredsesongen er i gang – tekne av snøskred på topptur

Snøskredsesongen er i gang, varslar Hovedredningssentralen. To skiløparar blei tekne av eit snøskred på Voss i dag.

Skred Vikafjellet

SKRED: Snøskred i området Vikafjellet og Myrkdalen i 2015

Foto: Sara Finne / Avisa Hordaland

– Den eine låg delvis under snøen, men blei redda opp av kameraten. Dette er erfarne fjellfolk, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Dei to utløyste snøskredet i fjellområdet ved Reppane under ein topptur.

Begge er uskadde, men tar seg no ned frå fjellet for å bli sett til av ambulansepersonell.

Politiet opplyser om at brotkanten på flakskredet er på kring 200 meter.

Det ligg ikkje noko turløyper i nærleiken, og skiløparane meiner dei har hatt god sikt over området både før og etter skredet.

– Det er ikkje mistanke om at andre er tekne av skredet, seier Hellesund.

Snøskredsesongen er i gang

Hovudredningssentralen ber folk vere klar over at snøskredsesongen er i gang.

Dei oppmodar folk om å vere varsame, gjere gode vurderingar, og ber alle i fjellet unngå farleg terreng.

– Sjølv om faregraden er ganske låg, synte det seg i dag at skreda har byrja å gå, skriv dei på Twitter.

Det er lite snø i fjellet og generelt stabile forhold, skriv varslingstenesta Varsom.no. Mest snø er det på Vestlandet.

Dei starta med å varsle skredfaren denne veka.

Skredproblema er knytt til fersk fokksnø. Typisk vil problema vere til stades i område der det er nok snø til at det er skiføre. Det kan vere fare for å løyse ut middels store skred.

Skredfaren for Voss ligg no på farenivå 2 – moderat.

Laster Twitter-innhold