Hopp til innhold

Teken med 2,78 i promille

Fredag kveld fekk politiet melding frå ein bilist som låg bak ein bil som køyrde svært vinglete i Førde. Ferda stansa i eit byggjefelt. Då politiet fekk kontakt med føraren viste det seg at han var svært berusa. Alkotesten viste ein promille på 2,78.