Hopp til innhold

Tek svineinfluensa med stor ro

Ein fotballspelar er isolert etter at han fekk påvist svineinfluensa under fotballturneringa Gothia Cup i svenske Göteborg.

Guten vart truleg smitta før han kom til turneringa for aldersfastlagde lag. Mellom fleire norske lag er Florø SK sitt G15-årslag. Det er einaste lag frå Sogn og Fjordane som er med på turneringa.

- Vi har ikkje fått noko informasjon om dette, men dei seier at svineinfluensaen ikkje smittar ute, seier trenar Bengt Solheim-Olsen til NRK.

- Tek det med stor ro

I alt 34 000 deltakarar er samla på turneringa. Smittevernslege Per Follin seier til svenske Expressen at deltakaren er på betringens veg, men er isolert for å vere sikre. Det er førebels uvisst kva nasjonalitet guten har.

Solheim-Olsen seier at dei tek det heile med stor ro, og at dei framleis tenkjer mest på det sportslege.

17-1 på to kampar

Florø vann måndag sin første kamp 7-0 over Edenryds IF. Tysdag følgde dei opp med å slå Sollefteå GIF heile 10-1. Onsdag morgon ventar tyske FC Rheinland Übach, som har tapt begge sine kampar.

- Vi er allereie puljevinnarar før siste kamp. Vi har eit godt lag og tek mål av oss å nå så langt som mogleg. Men vi veit også at vi kan, før vi veit ordet av det, møte eit lag som er betre enn oss, seier han.

- Om det skjer i 64., 32., 16. eller 8. delsfinalen er heilt umogleg å seie. Men vi vonar å spele kamp fredag når åttandedelsfinalane blir spelte, seier FSK-trenaren.