Tek staten til retten for å la nordmenn gamble

Nordmenn sine milliardoverføringar til internasjonale gamblingselskap får staten til å sjå raudt. Men spelbransjen nektar å gje opp og har saksøkt Noreg for å få oppheva forbodet mot å bruke til dømes PayPal og Entercash til speling.

Advokat Jan Magne Langseth

TEK SAKA VIDARE: Advokat Jan Magne Langseth, partner i Simonsen Vogt Wiik, meiner at staten ikkje kan nekte norske spelarar å overføre til eller få pengar av spelselskap som Betsson og andre.

Foto: svw.no

Nordmenn spelte i 2017 for 3,4 milliardar kroner hos internasjonale gamblingselskap. Pengar som går direkte til selskap som Betsson og andre, eller via betalingsformidlarar som PayPal og Entercash.

Det skreiv E24 i fjor haust og syner til dei ferskaste tala som er tilgjengelege over nordmenn si gamblinglyst.

No har Entercash og spelselskapa sin europeiske interesseorganisasjon, EGBA, gått til søksmål mot den norske staten for å stoppe Lotteritilsynet sine forsøk på å hindre betalingsformidling.

Tilsynet har den siste tida intensivert kampen mot internasjonale spelselskap, blant anna ved å blokkere kontoar tilhøyrande selskapa.

– I strid med EU-reglar

Men spelbransjen tek no dette vidare og nektar å akseptere at det skal vere forbode i Noreg å spele på til dømes kasino i EU-land som til dømes Malta, via betalingstenester som mange nordmenn brukar i dag.

– Vi meiner at Lotteritilsynet ikkje har juridisk grunnlag og ikkje god nok heimel til å forby den typen betalingar, seier advokat Jan Magne Langseth i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig til NRK.

Han skal føre saka for spelbransjen i Oslo tingrett i juni og saka er ein av dei første i EØS-området om desse spørsmåla.

– Vi meiner at betalingstenestedirektivet til EU, som ligg til grunn for alle betalingsaktørar si verksemd, gjev dei høve til å utføre dei betalingane dei ønskjer så lenge det er i tråd med lova der dei er etablert, seier Langseth.

Oppskrift på pengeoverføring med Entercash

LETT OPPSKRIFT: Eit kjapt Google-søk syner korleis du kan bruke til dømes Entercash til å overføre pengar til casinoselskap, blant anna på Malta.

Foto: Skjermdump

– Ikkje i strid med lova

Det er Lotteri- og stiftingstilsynet i Førde som handterer dei utanlandske selskapa si verksemd retta mot norske spelarar.

Men dei syner vidare til Kulturdepartementet som skal argumentere i retten for eit forbod mot at norske spelarar kan overføre pengar via til dømes PayPal til Betsson og andre.

– Vårt syn er at vedtaka er gyldige og byggjer på klar lovheimel. Det er heller ikkje noko ved dei som skulle medføre at dei er i strid med EØS-retten, skriv departementet i ein e-post til NRK.

Vil heller ha lisens

Advokat Langseth meiner på si side at det ikkje er nokon gode argument for å halde oppe eit forbod for spelelystne nordmenn.

Han meiner at eit forbod mot å bruke betalingsløysingar som Entercash eller PayPal, ikkje er viktig for å hindre spelegalskap.

– Ei betre løysing ville vore eit lisenssystem som kanaliserer alle spelarane inn i norsk-regulerte spel, seier Langseth.