Hopp til innhold

Tek sleiping i forsvar: – Vi kan fint leve med brunsniglane

Den blir kokt, salta, klipt og fryst. Dyrevernar Jenny Rolness synest ikkje noko om avlivingsmetodane av brunsnigelen.

Brunsnegle på terrassebord

SLEIPING: Brunsnigelen har ikkje blitt motteke med opne armar når arten har ålt seg til Norden.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Vi kan fint leve med brunsniglane, seier Jenny Rolness i organisasjonen Dyrenes rett.

Ho synest ikkje noko om avlivingsmetodane som blir nytta.

– Mange av dei er brutale og fører til at sniglane lir over lang tid. Folk må ha i tankane at sniglar også har eit nervesystem. Dei kan skilje ut opioid når dei blir utsette for skader, og dette tyder på at dei kan føle smerte.

Salting, gift, frysing, og feller som samlar sniglane opp, er særleg ille fordi det då tek lengre tid før dyra døyr, seier ho.

– Er du galen, vi må berre få dei vekk.

Det seier ein av kundane utanfor eit hagesenter i Førde.

Ho leiter fram saksa når ho får besøk av den franske arten i hagen. Sidan sekstitalet har brunsnigelen lagt Europa for sine føter.

– Eg har ikkje brunsnegl i hagen, fortel ein annan kunde.

Årsaka er at ein i nabolaget har jakta dei ned for fote med salmiakk.

– Alle dyr har rett å leve

Dyrevernaren Jenny Rolness kan forstå at brunsnigelen kan vere eit problem i bær- og grønsakåkrar. Men i hennar eigen hage, let ho snigelen leve fritt.

– Alle dyr er verdt respekt, uavhengig om dei er raudlista eller svartelista, seier ho.

Ho meiner at alle artar har blitt introdusert ein gong og at naturen tilpassar seg nye artar.

– Dette er ein art vi kan lære oss å leve med, framfor å drive ein brutal kamp der alt av metodar skal vere greitt.

Ikkje blitt introdusert

Alle levande vesen har krav på respekt, men ikkje på vern, fortel Christian Steel.

Generalsekretæren i miljøorganisasjonen Sabima meiner det er direkte feil at alle artar har blitt introdusert på eit tidspunkt.

Alle naturleg heimehøyrande artar har vandra inn til Noreg etter siste istid, medan dei som definerast som framande artar har blitt frakta hit av menneske, seier Steel.

– Det er ein enorm forskjell.

Kan føle smerte

– Dei har eit nervesystem så dei kjenne når noko er vondt eller ubehageleg, fortel Bjørn Arild Hatteland, forskar ved Nibio.

Det kan ein sjå når den trekk seg saman og skil ut slim.

Men dei er nok ikkje medvitne om at nokon har vondsinna hensikter mot dei, legg han til.

Dyra døyr av seg sjølv i slutten av sommaren, men først legg dei egg i august og i starten av september.

– Brunsnigelen er faktisk lista som ein av dei 100 verste framandartene i verda, seier Hatteland.

Han legg til at den må få ein human slutt på livet. og at det beste er å ta livet av dei raskt.

Les også Ny forsking: – Mogleg at insekt føler smerte

Veps

Dyrebeskyttelsen: Ok å drepe snigelen

Leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, Beate Green, seier sniglane «gjer fryktelege stor skade og er eit problem.»

– Så lenge avlivinga skjer fort og humant, og dyret døyr med ein gong, så er det greitt å drepe snigelen.

Dersom den får herje fritt, blir mykje øydelagt, peiker ho på.

– Vi må ha eit litt realistisk syn på dette. Brunsnigelen er eit stort problem fleire stader, og då må eit ta grep. Elles går det utover andre ting. Vi må ha ein balanse.

Les også Råder hageeiere til å ta brunsnegl-grep nå: – Haster å begrense problemet

Brunsnegle på terrassebord