Tek skredsituasjonen på alvor - no vil dei ha skredgruppe

Røde Kors ønskjer å vere best mogleg budde på skredsituasjonar. Går alt etter planen, er ei eiga skredgruppe oppe og går i løpet av vinteren.

Created by InfoDispatcher

TERPAR: På metodesamlinga i Sogndalsdalen vert det terpa på rutinar i samband med snøskred. Foto/redigering: Halvor Farsund Storvik

– Vi har sett at behovet har endra seg. Fleire brukar naturen på anna vis enn før. Vi har vorte ein turistdestinasjon, og med stadig fleire besøkjande og ein meir uoversiktleg situasjon, seier Per-Odd Grevsnes.

Han er medlem i Luster Røde Kors hjelpekorps og har teke initiativ til ei skredgruppe i Sogn.

Som ledd i dette er året metodesamling lagd til Sogndal denne helga. 35 deltakarar frå heile landet er samla for å vidareutvikle metodane ein nyttar i redningsarbeidet etter eit snøskred.

– I Sogn har vi innsett at beredskapen kan bli betre, og difor har vi nyleg søkt om å bli tekne opp som skredgruppe, seier Grevsnes.

Er ofte i organiseringa det sviktar

For å verte godkjend, må gruppa ha seks personar som har såkalla A-kurs, i tillegg til metodesamling. Per i dag har tre medlemmer i Luster Røde Kors dette.

– I løpet av vinteren vil tre nye personar ha gjennomført. Går ting etter planen, har vi ei skredgruppe oppe og gå i løpet av vinteren, seier leiar i Luster Røde Kors hjelpekorps, Ove Fortun.

Han peikar på at det viktige når ei er i ein skredsituasjon, er organiseringa av redninga etterpå.

– Det er ofte der det sviktar. Men det ønskjer vi å gjere noko med no, seier Fortun.

Røde Kors har fleire skredgrupper rundt om i landet. Fram til no har Volda vore den næraste gruppa dersom det trengst hjelp i Sogn og Fjordane.

– Med eit slikt verktøy vert vi meir tilgjengelege i vår region, og meir profesjonelle dersom noko skulle skje, seier Grevsnes.

  • Les også: Advarer mot å stole blindt på teknologien i vinterfjellet
  • Metodesamling for Røde Kors

    ØVER: Eit knippe av medlemmene som er på metodesamling i Sogndalsdalen i helga. Leiar i Luster Røde Kors hjelpekorps, Ove Fortun er nummer tre frå venstre. Initiativtakar til skredgruppa, Per-Odd Grevsnes, står heilt til høgre i biletet.

    Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Kjem heile regionen til nytte

Han peikar på at regionen i lengre tid har vore skåna for hendingar knytte til snøras. Men dette har endra seg.

– Vi har god kompetanse på mange felt, og no aukar vi også opp kompetansen på snøskred. Det kjem heile regionen til nytte, seier Grevsnes.

På metodesamlinga i helga er dei beste på snøskred i landet samla for å sjå på om metodane som Røde Kors nyttar er gode nok.

– Vi evaluerer metodane, spissar og sjekkar at rutinane våre er på plass dersom det verste skulle skje, seier Grevsnes.